Fire austevollingar er stadfesta smitta, og langt fleire har symptom som kan passa med korona utan dei vert testa. Illustrasjonsfoto: iStockphoto.
Fire austevollingar er stadfesta smitta, og langt fleire har symptom som kan passa med korona utan dei vert testa. Illustrasjonsfoto: iStockphoto.

Fire positive, men nesten ingen vert testa

Kommuneoverlegen ber folk om å halda guarden oppe, og fylgja koronaretningslinene, trass i at berre fire austevollingar er testa postive.

Det er berre fire austevollingar som er testa positive på koronasmitten.

– Me har strenge restriksjonar på testing no, sidan det er knappheit på testar. Førre veke testa me berre seks personar, alle negative. Men det er fleire austevollingar som har vore på reise eller vore nærkontakt som har hatt symptom som kan passa med korona, utan at det har vore grunnlag for å testa dei, skriv kommuneoverlege Inger C. Uglenes til Marsteinen.

– Så vidt eg veit er det framleis ein som er innlagt på sjukehus med korona frå Austevoll. Alle andre som me har vore i kontakt med, har hatt frå knapt nokon symptom til milde symptom, melder ho, med eit lite atterhald grunna eigen ferie.

Stoda i Austevoll per i dag er at ikkje er smittespreiing eller fare for å bli smitta generelt i kommunen.

– Me oppmodar likevel alle innbyggjarar til å halda ut med de strenge tiltaka. Me ser dei urovekkjande resultata av å få koronasmitte inne på f.eks sjukeheim frå nabokommunane våre. Me ber om at folk fortsetter å respektera reiseforbodet og restriksjonane mot å samlast sjølv om me alle lengtar etter normale tilstandar. Vask hendene, hald avstand, hald deg mest mogleg heime og ta vare på kvarandre ved å halda kontakten på alle moglege måtar –  bortsett frå fysisk nærvær.

Kommunelegen skriv vidare at dei veit at det er mange av innbyggarane som har det svært vanskelig. Ikkje på grunn av koronasjukdom, men grunna det pandemihandteringa fører med seg.

– Einsemd, isolasjon, angst for sykdom, økonomisk belastning og usikkerheit i samband med jobb kan vera mer krevjande for mange av oss enn sjølve sjukdommen vil vera. Barna våre ber også ein veldig stor del av kostnadane med pandemihandteringa, ved at dei ikkje får den kvardagen og skulegangen, sosiale kontakten og aktiviteten som dei er vande til. Kommunelegen ber om at me tek vare på kvarandre og forsøkjer å hjalpe og støtta kvarandre gjennom dette.

– Ha litt ekstra omtanke for kvarandre i denne tiden. Tenk på at det er nokon av oss som ofrar mykje meir i denne tiden enn berre sydenturen eller skituren på fjellet.