Vegvesenet vil starta opp arbeidet med ferjefri E39 mellom Bergen og Stavanager. Her høg vegstandard ved Lier. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix/ NPK
Vegvesenet vil starta opp arbeidet med ferjefri E39 mellom Bergen og Stavanager. Her høg vegstandard ved Lier. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix/ NPK

Vegvesenet vil prioritera ferjefri E39 på Sørvestlandet

Vegvesenet vil starte opp arbeidet med ferjefri E39 mellom Bergen og Stavanger ein gong mellom 2022 og 2027. Lenger nord på Vestlandet blir det kanskje ikkje oppstart før etter 2028.

Departementet har bedt Vegvesenet om å rangera nye, store prosjekt for 2022 – 2027 etter samfunnsmessig lønnsemd. Det skal synleggjera kva prosjekt som gir dei mest positive verknadene for trafikantane og samfunnet som heilskap, skriv Vegvesenet i ei pressemelding.

Vegvesenet har laga to sett med prioriteringar. Det eine alternativet tar utgangspunkt i vidareføring av løyvingsnivået i 2020. Det andre alternativet legg til grunn ein gjennomsnittleg årleg auke på 20 prosent.

Vegvesenet tilrår 154 milliardar kroner i investeringar på riksvegane med vidareføring av løyvingsnivået ein har i dag, såkalla låg ramme. I høg ramme blir det foreslått 242 milliardar i investeringar.

Hordfast og Rogfast

Ein av prioriteringane til Vegvesenet er E39 i Hordaland og Rogaland.

«Oppstart ferjefri forbindelse mellom Stavanger og Bergen, prosjektet E39 Ådland-Svegatjørn. Sammen med Rogfast bygger prosjektet bo- og arbeidsmarkedene på strekningen Stavanger-Stord-Bergen med vesentlig redusert reisetid,» skriv Vegvesenet.

Dette prosjekt lar seg gjennomføra med låg ramme og vil bli gjennomført i perioden 2022-2027, om Vegvesenet får det som dei ynskjer.

Lenger nord på Vestlandet, i Møre og Romsdal, må ein truleg venta lenger før det blir oppstart på arbeidet med ferjefrie samband.

«Ferjefri E39 i Møre og Romsdal. Betydelig redusert reisetid på E39 gjennom ferjefrie forbindelser og utbedring mellom dagens ferjestrekninger,» skriv Vegvesenet.

Dei ser for seg at prosjektet der vil setjast i verk mellom 2028 og 2033 dersom dei får gjennomføre den såkalla høge ramma.

Skredsikring i Vest

Vegvesenet ser òg for seg å gjennomføra skredsikringstiltak på ein del vegar i Sogn og Fjordane ein gong mellom 2022 og 2027.

Mellom anna vil dei jobba med skredsikring på riksveg 5 Erdal-Naustdal for å gi tryggare og betre framkjømd mellom Førde og Florø i gamle Sogn og Fjordane.

I tillegg nemner dei at utbetringar av Fjærlandstunnelen, som og ligg på riksveg 5, skal prioriterast.

Dette er planane for oppstart av prosjekt i dei enkelte korridorane:
Korridor 1 Oslo-Svinesund/Kornsjø

2022–2027

Låg ramme: E6 Oslo aust (Manglerudprosjektet) og rv. 22 Glommakryssing.

Høg ramme: Utbetringar på delar av rv. 22.

2028 – 2033

Låg ramme: Vidare utbetring av rv. 22. slik at den er etablert som ein god omkøyringsveg aust for Oslo.

Høg ramme: Vidare utbetringar av rv. 22.

Korridor 2 Oslo-Ørje/Magnor

2022 – 2027

Låg ramme: Utbetringar på rv. 2 mellom Kongsvinger og Riksgrensen, Magnor.

Høg ramme: E16 Nymoen-Eggemoen blir bygt ut. Utbetringar av E16 aust for Kongsvinger. Startar utbetring av rv. 25 mellom Elverum og Riksgrensen, Støa.

2028 – 2033

Høg ramme: Ytterlegare utbetringar av rv. 25 mellom Elverum og Riksgrensen.

Korridor 3 Oslo-Grenland-Kristiansand-Stavanger

2022–2027

Låg ramme: Nytt tunnelløp for E134 Oslofjordtunnelen. E18 Lysaker-Strand-Ramstadsletta. Oppstart for rv. 282 Holmenbrua som omkøyringsveg for E18 og tilgjenge til Drammen hamn. Utbetring av rv. 42 Gamle Eigerøyveien-Hovlandsveien vil betre tilgangen til Eigerøy hamn.

Høg ramme: E39 Ålgård-Hove blir bygt ut. E134 Dagslett-E18 vil bli bygt ut, som saman med nytt løp i Oslofjordtunnelen vil gjere austre del av E134 til ein betre omkøyringsveg sør for Oslo.

2028 – 2033

I høg ramme vil det bli ytterlegare utbetring av rv. 426 mellom E39 og Egersund.

Korridor 4 Stavanger-Bergen-Ålesund-Trondheim

2022 – 2027

Låg ramme: Oppstart ferjefritt samband mellom Stavanger og Bergen, prosjektet E39 Ådland-Svegatjørn. Saman med Rogfast bygger prosjektet bo- og arbeidsmarknadane på strekninga Stavanger-Stord-Bergen med vesentleg redusert reisetid. Sikring på strekningane rv. 13 Byrkjeneset og rv. 13 Vinje-Myrkdalstunnelen.

2028 – 2033

Låg ramme: Skredsikring på E3 og sikring av skredpunkt langs rv. 13.

Høg ramme: Ferjefri E39 i Møre og Romsdal. Betydeleg redusert reisetid på E39 gjennom ferjefrie samband og utbetring mellom dagens ferjestrekningar. Betydelege utbetringar på rv. 13. Utbetringar og noko skredsikring på E39. Utbetringar på rv. 9 i Setesdal.

Korridor 5 Oslo-Bergen/Haugesund med arm via Sogn til Florø

2022 – 2027

Låg ramme: Skredsikring av E16 Hylland-Slæen. Skredsikring rv. 5 Erdal-Naustdal gir tryggare og betre framkjømd mellom Førde og Florø. Vidare utbetring av rv. 5 Fjærlandstunnelen-Lundebotn og tiltak i rv. 5 Markegata for betre tilkomme til Florø hamn.

I høg ramme: Oppstart av rv. 36 Skjelsvik-Skyggestein, som knyter Porsgrunn og Skien til E18. Utbetringar på rv. 5 i Sogndalsdalen.

2028 – 2033

Låg ramme: vesentlege utbetringar av mellom anna E16, rv. 5 og rv. 41.

Korridor 6 Oslo-Trondheim med armar til Måløy, Ålesund og Kristiansund

2022 – 2027

Låg ramme: Utbetringar på rv. 3 i Østerdalen. Utbetringar E6 på Dovrefjell. Utbetring på rv. 4 Lygna-Reinsvoll. Utbetring av E136 Veblungsnes ved Åndalsnes.

Høg ramme: Utbetringar langs E136 mellom Dombås og Bjorli og mellom Innfjorden og Vestnes. Rv. 15 Otta – Dønnfoss blir òg utbetra.

2028 – 2033

I høg ramme blir det skredsikring langs E136 og rv. 15. Det blir utbetringar på nordlege delar av E6 og rv. 3, midtre delar av E136, og austre del av rv. 70.

Korridor 7 Trondheim–Bodø med armar til svenskegrensa

2022 – 2027

Låg ramme: Ny E6 Selli-Asp blir bygt som betrar trafikktryggleiken på strekninga frå Steinkjer til kryss fv. 17. Utbetringar på rv. 80 Sandvika-Sagelva, innfartsveg mot Bodø.

Høg ramme: Tiltak i og ved dei mindre byane i Nordland.

2028 – 2033

Høg ramme: Tiltak for å forsterke bu- og arbeidsmarknaden mellom Trondheim og Steinkjer. Skredsikring fleire stadar i Trøndelag. Utbetring av strekningar på E6 i Trøndelag og Nordland. Mindre utbetringar på E14.

Korridor 8 Bodø–Narvik–Tromsø–Kirkenes med arm til Lofoten og armar til grensene mot Sverige, Finland og Russland

2022 – 2027

Låg ramme: E6 Megården-Mørsvikbotn. E10 Nappstraumen – sikring mot skred. Det blir utbetring av fleire strekningar på E6, E10 og rv. 94. Utbetring av sikt- og sideterreng på fleire strekningar.

Høg ramme: Ytterlegare utbetringar på E6 og E10 for å få betre oppetid og føreseielegheit. Ytterlegare tiltak på E6 og rv. 94.

2028 – 2033

Høg ramme: Utbetring av delar av E6, E8 og E45. Utbetringar mellom E6 mellom Alta og Lakselv.