Alexander Folkestad frå Sunnfjord viser god innsikt i jobben sin, naturleg nok, då han har vakse opp med familie i oppdrettsnæringa.
Alexander Folkestad frå Sunnfjord viser god innsikt i jobben sin, naturleg nok, då han har vakse opp med familie i oppdrettsnæringa.

På jobb i Austevoll:

Ungt mannskap på «Seihaust»

Bløgge-båten «Seihaust» til Seistar Holding går mellom oppdrett og mottak med laks natt som dag. Om bord nyt dei godt av løysingane på nybygget.

«Seihaust» ligg i dag som mange andre dagar og leverer laks til foredling på fiskeindustrien på Storebø. Måsen fyk over meg og fylgjer med når eg går ut mot båten som reiarlaget overtok i fjor haust, og utan sjøbein finn underteikna vegen opp til styrhuset. I romslege fasilitetar står Alexander Folkestad (28) og held auge med ei rad skjermar som syner bilete frå rundt om kring i båten. I tillegg til sine eigne kamera om bord har han på nokre av skjermane video i samtid frå produksjonen på land.

– Dette gjer det mogleg for meg å reagera kjapt når ein situasjon oppstår, seier Alexander og peikar på nokre av skjermane.

Han er blid og tydeleg kry over jobben sin. På denne turen har dei med seg om lag 150 tonn med fisk, men lastekapasiteten er på dryge 450 tonn fordelt på seks lastetankar.

– Det tek berre 90 sekund frå me pumpar laksen i båten til han ligg ferdig bløgga i lasterommet, fortel den unge skipperen medan han tek ein god sup av kaffikoppen.

Dette er andre turen hans på «Seihaust», og han fortel om ein båt som fungerer overraskande bra.

– Med nybygg er det alltid ein innkøyringsfase med prøving og feiling, men her har denne fasen vore kort, og me er inne i ein god flyt allereie. Det er mykje kraft i motorane så å legga til og frå kai går veldig greitt, smiler han og legg til at når dei går med last er marsjfarten rundt elleve knop.

«Seihaust» ser flott ut både innvendig og utvendig.

Store verdiar

Det er mykje å fylgja med på i styrhuset, og til å hjelpa seg på brua har Alexander med seg overstyrmann Knut Kalvenes Bjånesøy (23).

– Det er veldig kjekt at reiarlaget vel å satsa på unge folk, meiner Knut.

Dei vil begge ha fram at dei er glade for å ha fått sjansen på akkurat denne båten.

– Eg merka det med ein gong eg kom om bord at dette var ein bra båt, skyt Alexander inn.

Knut nikkar og seier at han kan ikkje tenka seg noko anna enn ein jobb til sjøs. Både han og Alexander er medvitne ansvaret som kviler på dei, og ynskjer å innfri på alle punkt.

– Me må levera optimalt kvar gong, og måten denne båten er bygd på, gjer at me kan det. Så er det opp til oss å gjera den menneskelege biten, held Alexander fram.

Med nye leveringar kvar dag vert det mange tonn laks som er innom. Då er det naudsynt å halda svinnet på eit minimum, og teknologien dei har tilgjengeleg bidreg til dette.

På brua oppheld òg lærling Elise Fjæreide seg. Ho er frå Loddefjord og har snart gjort unna tida som matroslærling. Ho mønstra på no i januar, og i dag har ho besøk av Tore Hufthammer frå Opplæringskontoret i Austevoll. I likskap med dei eg har møtt til no, ytrar ho berre lovord om livet om bord på Seihaust.

– Det er ein flott plass å vera i lære, smiler ho breitt før ho og Tore må vidare.

Les heile reportasjen i e-avisa eller på papir denne veka.