Brørne arbeider i likskap med tredjemann på eigarsida, faren Oddvar, i havfiskeflåten, Henrik som styrmann på SUK-en ”Radek” og Andreas som fiskar på ”Østerbris”. Når dei investerer nær ti millionar i ny sjark, er motivasjonen klar.
– Me ynskjer å skapa noko sjølve, òg. Det er nær umogleg i ringnót, seier brørne frå Haugland til Marsteinen. Henrik fortel at han har hatt lyst å handla ny sjark sidan han såg akkurat denne modellen på fiskerimessa i Trondheim for nokre år sidan. Og slik vart det.
«Hevrøy» til kai i Gråsiddalen fredag.
Trekløveret har gjeve båten namn etter den grøne øya som faren kjem frå, og skroget er knalloransje. Om det er grunna Henrik sin karriere på AIK sitt b-lag eller meir grunna Andreas som heiar på Wolverhampton Wanderers i engelsk fotball, er ope for å spekulera i. Viktigare er det at båten er ein komfortabel arbeidsplass, med gode moglegheiter til å laga mat, ein kvar eigne lugarar til tre personar og i skipperstolen har du god oversikt, og kan sjå kva som går føre seg på dekk eller i maskinrommet.
Meir omfattande sak får du i avisa til veka.