Austevollingane vert oppfordra til å nytta e-konsultasjon, der kontakt med legen vert gjort på ein elektronisk plattform, og rett så mange problemstillingar kan avklarast på ein slik måte, meiner legane i Austevpll.
– Skulle du ha trong for blodprøvar eller anna,nkan dette avtalast via e-konsultasjon. Då kortar me ned på tida du treng å vera fysisk på legesenteret. E-konsultasjon startar du på https://helsenorge.no/kontakt-fastlegen På denne siden kan du òg be om å få fornya reseptar så slepp du å sitte i telefonkø.
Legekontoret understrekar at dei har etablert eigen inngang og venterom for infeksjonspasientar, og eigne legar og sjukepleiarar som tek hand om dei som har infeksjonar.
– Me spør mykje på forhånd om kva symptom du har, og du vil få informasjon om kvar du skal møta opp. Det er viktig at du møter på rett stad.
– Me ynskjer at du oppheld deg kortast mogleg på venterommet. Vent i bilen din til akkurat når timen din startar. Alle må nytta handsprit når dei kjem inn og når dei går. Hald minst ein meter avstand til alle andre på venterommet. Må du hoste eller nyse må du gjera det i eit papir eller i albogekroken, og straks sprita og så vaska hendene dine. Av omsyn til smittefaren har me fjerna alle leikar og vekeblad frå venterommet.
«Koronatelefonen» vil halda fram for dei som er redde for at dei er smitta, telefon 966 25 320, avsluttar Austevoll legesenter.