Fem negative prøvar og to personar i karantene er status per klokka 13 laurdag.
Fem negative prøvar og to personar i karantene er status per klokka 13 laurdag.

Ingen smitta per laurdag – to i karantene

To i karantene, ingen positive koronaprøvar per middag, laurdag.

Fem personar er testa i Austevoll, alle prøvane er negative, med andre ord er det ingen smitta i vår kommune no, skriv rådmann Bjarte Madsen til Marsteinen.

– For tida er det to personar som er sett i karantene av smittevernlegen. Rådmannen følgjer opp pandemiplanen og me kjem tilbake med rapportar utover neste veke.

Madsen fortel at det er stor etterspurnad etter informasjon og kommunen

har hatt eit felles møte med alle einingsleiarane våre og Stendi, barnehagane og privat skule. Dette for å koordinera informasjonsflyten ut til dei tilsette ved alle einingar. Når det gjeld informasjon om talet på smitta og karantene i ulike kategoriar, ber me om forståing for at det er personvernomsyn og teieplikt som me også må ta med i vurderinga. Så langt går dette bra, men dei som er råka føler jo litt på dette i kvardagen og me vil presisera at med dei ulike varsemdsreglar som er opplyst om på kommunen sine heimesider, så vil dette gå fint for alle.