Det var denne gjengen som har arbeidd med beredskapsplanen som dei låg fram på informasjonsmøte i går.
Det var denne gjengen som har arbeidd med beredskapsplanen som dei låg fram på informasjonsmøte i går.

Koronasmitte påvist i Austevoll

Det er no påvist koronasmitte i Austevoll kommune. Det skriv kommunen på nettsidene sine.

Smittevernslege Inger C. Uglenes ventar svar på fleire prøvar dei neste dagane.

– Det tek ganske lang tid frå me tek prøvene til me får svar på om dei er positive eller ei, fortalte Inger C. Uglenes på  informasjonsmøte til rådmannen i går. Her var politisk leiing, gruppeleiarar og leiarar av dei ulike råda til stades. Her blei beredskapsplan med risiko- og sårbarheitsanalyse presentert og generell informasjon om kva som vil skje ved utbrot av koronaviruset i Austevoll gjeve.

– Rådmannen har peika ut ein stab som dei siste vekene har arbeidd intenst med beredskapsarbeid knytt til koronaviruset, sa rådmann Bjarte Madsen. Her er det blant anna laga ein plan for auka bemanning innanfor helsetenestene, slik at drifta skal kunna gå som normalt, trass i at det trengst ressursar på arbeid mot korona.

– Dei tilsette er blitt opplyst om at rådmannen kan vera nøydd til å omdisponera ressursarne sine dersom ei krise oppstår. Det betyr at enkelte kan måtte arbeida med andre oppgåver i ein periode, sa rådmannen. Det vil og bli innkalla vikarar, pensjonistar og studentar ved behov.

– Det er ikkje lenger spørsmål om me får tilfelle av korona i Austevoll, men når me får det. Difor ser me an situasjonen frå dag til dag, sa Inger Uglenes i går. I dag er viruset påvist.

Ny avdeling på PO?

Beredskapsgruppa i kommunen har utarbeidd ein plan, der dei tek føre seg ulike scenario som kan skje. På den måten førebur kommunen seg på å vera best mogleg rusta dersom mange vert smitta.

– Dersom det vert fleire enn åtte smitta, vil me oppretta ei eiga korttidsavdeling på PO, Storebø Brygge. Det vil også bli oppretta ei lukka avdeling for dei smitta på sjølve pleie- og omsorgssenteret, informerte konstituert kommunalsjef for helse og omsorg, Ida Heggholmen. Kommunen må vera førebudd på fulle sjukeplassar i Helse Bergen, kor dei som vert alvorlegast råka av viruset må transporterast.

– Det einaste som manglar i arbeidet med beredskapsplanen er å kvalitetssikra dette hos dei ulike einingane, slik at dei ser at tiltaka er gjennomførbare, sa Stina Nordbak som òg sit i beredskapsgruppa.

Fleire arrangement avlyst

På po-senteret er alle arrangement med eksterne personar avlyst.

– Me er ekstra varsame i denne situasjonen, me vurderer situasjonen frå dag til dag og har tett dialog med smittevernslegen. Dessutan ber me pårørande om å ikkje komma dersom dei er forkjøla eller sjuke, sa Iren Melingen, dagleg leiar Austevoll po-senter. Dei vurderer å innføra besøkstid dersom dei ser det naudsynt.

Etter at linjene blei ringt ned av uroa austevollingar, vart det oppretta ein eigen informasjonstelefon om koronasmitte i Austevoll.

– På den ringer det i eitt sett. Det er viktig at me har dette tilbodet, slik at viruset ikkje går utover andre akutte sjuke. Dei siste dagane har eg fått mange spørsmål frå arrangørar som lurar på om det er forsvarleg å gjennomføra arrangementa sine. Dei må som kommunen laga ei risokoanalyse, slik at eg kan vurdera om det må avlysast eller ikkje, seier Inger C. Uglenes.

Råda frå Folkehelseinstituttet (FHI) er å avlysa alle arrangement med over 500 deltakarar, og risikovurdera alle med over 100 deltakarar.

– På nettsidene til kommunen kan du få oppdaterte tilrådingar frå FHI og anna aktuell informasjon om viruset, informerte rådmannen.

Smittemåte, koronavirus

Sjukdomen smittar som forkjøling og influensa at virus vert overført frå luftvegane hos ein sjuk person, på tre måtar:

Gjennom lufta ved at den sjuke nys eller hostar slik at viruset vert pusta inn eller kjem i kontakt med slimhinna i augo, nasen eller munn hos personar som står i nærleiken.

Ved direkte kontakt når den sjuke har fått viruset på hendene og overfører det ved kontakt med andre.

Ved indirekte kontakt når viruset har blitt overført til inventar eller gjenstandar gjennom nys/host eller ved at den sjuke eller andre har hatt viruset på hendene, og andre kjem i kontakt med gjenstanden. Kjelde: Folkehelseinstituttet.

Du kan kan ringja  966 25 320 (09.00 – 15.30 i vekedagane) for å få info og råd.