Kyrkja stengjer òg dørene dei neste 14 dagane.
Kyrkja stengjer òg dørene dei neste 14 dagane.

Ingen gravferder eller gudstenester

Til og med den 27. mars vil det ikkje bli nokon aktivitet kyrkja på øyane. Det inkluderer gravferder.

Kyrkjekontoret sender ut denne meldinga fredag.

Gudstenester: Alle gudstenester er avlyst.

Gravferder: Det vert ikkje gravferder i det aktuelle tidsrommet.

Andre arrangement i kyrkjeleg regi: Alle andre arrangement som babysong, konfirmantundervisning, korøvingar o.l. er avlyst.

– Austevoll kyrkjelyd er lei for å måtta melda dette, men no står me saman i ein vanskeleg og alvorleg situasjon og me må alle gjera vårt for å begrensa skaden, til beste for oss alle, skriv kyrkjevergje Jan Tørres Nordstrand i ein e-post til Marsteinen.