26 tilsette er permitterte ved Bekkjarvik gjestgiveri. No håpar Asta Johannessen på eit snarleg oppsving.
26 tilsette er permitterte ved Bekkjarvik gjestgiveri. No håpar Asta Johannessen på eit snarleg oppsving.

Gjestgiveriet håpar på oppsving til sommaren

Berre Asta Johannessen er på jobb hos Bekkjarvik gjestgiveri. Frå sundag er sju lærlingar og 19 andre tilsette permittert. No håpar ho på regulært drift før juli.

Ho har arbeidd i om lag 40 år ved familieverksemda i Bekkjarvik, og aldri opplevd noko i nærleiken av så dramatisk som dei siste dagane i førre veka.

– Etter oppmodingane frå styresmaktene hagla det inn avbestillingar for april. Sidan er det nokre som skal ha bryllaup i sommar som har vore på tråden. Eg ber dei om å ha is i magen i alle høve ein månad vidare, seier Asta på telefon til Marsteinen.

– Eg håpar på at me kan ha regulær drift igjen seinast i juli, seier ho.

For dei 26 tilsette som har måtta sjå seg permitterte var dagane i førre veke vanskelege å forhalda seg til. Asta omtalar situasjonen som forferdeleg, og at det har vore tunge dagar sidan torsdag.

– I fyrste omgang har me permittert i 14 dagar, og me skal snakka med rekneskapsføraren om kor me kan redusera kostnadane i denne vanskelege perioden. I tillegg har me god dialog med banken vår, seier Johannessen avsluttingvis med ei von om at marknaden tek seg opp snart.