– Det vil verta gjeven undervising til elevane, tilpassa kva trinn dei er på, seier rådmann Bjarte Madsen til Marsteinen. Dei tilsette skal møta på skulane som vanleg.
Rådmannen seier at det samstundes vert arbeidd med å sikra eit tilbod der barna har særskilde behov eller foreldra har såkalla samfunnskritiske jobbar, som krev at dei kan møta på jobb og ikkje måtta vera heime med barna.
– Det er 15 funksjonar i samfunnet, men der helsepersonell framstår som det aller viktigaste nett no, seier rådmannen.
Kommunen gjennomfører informasjonsmøte med barnehagane no i ettermiddag.
Oppdatert informasjon frå kommunen finn du i løpet av ettermiddagen her.
Samfunnskritiske oppgåver:
- Styring og kriseleiing
- Forsvar
- Lov og orden
- Helse og omsorg
- Redningsteneste
- IKT-tryggleik i sivil sektor
- Natur og miljø
- Forsyningstryggleik
- Vatn og avløp
- Finansielle teneste
- Kraftforsyning
- Elektroniske kommunikasjonstenester
- Transport
- Satellittbaserte tenester
- Apoteka