Oslo 20200312. Høie avverger håndhilsing mellom Solberg og Stoltenberg. Statsminister Erna Solberg (H) og helseminister Bent Høie (H) orienterer om nye tiltak for å bekjempe koronaviruset. Helsedirektør Bjørn Guldvog og direktør i Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg er også til stede. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix
Oslo 20200312. Høie avverger håndhilsing mellom Solberg og Stoltenberg. Statsminister Erna Solberg (H) og helseminister Bent Høie (H) orienterer om nye tiltak for å bekjempe koronaviruset. Helsedirektør Bjørn Guldvog og direktør i Folkehelseinstituttet Camilla Stoltenberg er også til stede. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix

Dei mest dramatiske grepa i fredstid skal bremsa koronaepidemien

Noreg blir sett på ein stor prøve, starta statsminister Erna Solberg (H) då ho la fram svært drastiske koronatiltak. Heile samfunnet blir ramma av restriksjonar.

– I denne perioden vil me alle få ein annleis kvardag. Dei drastiske tiltaka me no set i verk, gjer me i håp om å stansa viruset, sa Solberg på pressekonferansen torsdag ettermiddag.

Alle enkeltintervju var avlyste på grunn av smittefare, og stolane var setta opp med ein meters avstand. Slik blir det i Noreg framover:

Alle skular og lærestader blir stengde. Alle som har vore utanlands, må i karantene, sett bort frå dei som har vore i andre nordiske land. Ingen i helsevesenet får reisa utanlands i det heile. Alle utestader må kunna sørgja for ein meter mellom gjestene, det same gjeld for arbeidsplassar som framleis held ope.

– Dette er nokon av dei aller sterkaste verktøya vi har i verktøykassa, sa ein alvorstyngd helseminister Bent Høie (H).

Solidaritet

Som Solberg igjen understrekar, viruset smittar når menneske er tett på kvarandre.

– Derfor er det no heilt avgjerande at alle innbyggjarane i landet deltek i ein dugnad for å bremsa smitten. Det skal me gjera i solidaritet med eldre, kronisk sjuke og andre som er spesielt utsett for å utvikle alvorleg sjukdom.

Besteforeldre skal ikkje passe barnebarn som må vere heime. Folk som har kritiske funksjonar i samfunnet, til dømes innanfor helsevesenet, skal få hjelp til barnepass.

Stille smitte

Folkehelseinstituttet ser signal på at det føregår stille smitte i folket, men veit ikkje kor langt han har kome.

– Me håpar og har indikasjonar på at smitten kan vera i ein tidleg fase. Han kan ha kome lenger, og det kan dreia seg om mange menneske som er smitta som me ikkje kjenner til, seier direktør Camilla Stoltenberg i Folkehelseinstituttet.

– Me kjem til å oppdaga fleire personar som er smitta i Noreg, utan at det er knytt til reiseverksemd, slår ho fast.

Målet til helsestyresmaktene er framleis å utsetje og prøve å stansa smitten.

– Vis sinnsro, dropp hamstring

I butikkane byrjar hyllene å bli tomme. Folk hamstrar over heile landet, men styresmaktene understrekar at det ikkje skal vera nødvendig. Erna Solberg seier dessutan at det er usolidarisk å hamstre.

– Eg trur me skal visa den norske sinnsroa litt no i møte med dette, og ikkje skapa ein litt vanskeleg situasjon for andre. Det er varer på lager, me kjem ikkje til å gå tomme, forsikrar Solberg.

Påskeferie med yatzy

I ein tovekersperiode blir folk bedne om å jobbe heimanfrå viss det i det heile er mogleg, og alle reiser som ikkje er heilt nødvendige, må droppast.

Truleg vil perioden bli forlengd, og mykje tyder derfor på at påskeferien går fløyten for mange som hadde reiseplanar.

Det blir dessutan forbode med kultur- og idrettsarrangement og organisert idrett både innan- og utandørs. Symjehallar og treningssenter blir stengde, det same gjeld frisørar og velværesalongar. Det ser ut til at kortspel og yatzy må takast fram att, og kosen må ein ta heime i sofakroken.

NPK

beate.haugtro@npk.no