Bjørn G. Barstad, operativ leiar for ferjesambanda våre, seier at reiarlaget er i ferd med å innføra ei rekkje tiltak for å redusera smitterisikoen om bord.
– Det er viktig for oss å opprettholde drift på fergene til og frå Austevoll. Difor innfører me nokre tiltak der ute og ber om at passasjerane held seg i bil eller buss under overfarten. Då reduserer me risikoen for at ferjene blir ein smittehub. Dette er viktig for dei reisande og for mannskapet vårt.
– Det blir ikkje drift i kioskene om bord, sjølv om me ikkje ryddar vekk varene. Det pågår ein kontinuerleg vasking av utsette område, utført av mannskapet sjølv, informerer Barstad.