Svein Storebø og Vidar Mjåtvedt minner om at politiet er på vakt, og ber austevollingane om å ta med seg korona-restriksjonane inn i helga.
Svein Storebø og Vidar Mjåtvedt minner om at politiet er på vakt, og ber austevollingane om å ta med seg korona-restriksjonane inn i helga.

Ber folk ta helga med fatning

Politiet i Austevoll ber innbyggjarane om ikkje å koma saman i helga. – Det er ei utfordrande tid, og kanskje spesielt for ungdommar, seier politifyrstebetjent Vidar Mjåtvedt.

I dag var han ute langs vegane i kommunen saman med kollega Svein Storebø. Sjølv om det er færre bilar på vegane i dag enn på ein vanleg fredag, gjeld dei same reglane for dei som køyrer. Politiet kjenner til fleire tilfelle av råkøyring i Bergensregionen den siste tida, og ber om at førarar i Austevoll ikkje ser på denne spesielle tida som eit høve til å leggja lovene til sides.

– Me vil visa at me er her, me er på vakt og at me fylgjer med. Førarar må vera obs på at det er mange som er ute og går på tur for tida. Me har ingen å mista, verken til trafikken eller koronaviruset.

Lovene er vorte strengare for nordmenn den siste tida, som fylgje av koronapandemien. Tidlegare i veka kunne me lesa i BT om ein person med koronasmitte som fekk 20 000 kroner i førelegg for å gå på fest saman me andre.

– Me ber folk om å ikkje koma saman i festlege lag, sjølv om det er helg og fint vêr. I respekt for dei som arbeider med å hindra smitte, derav helsepersonell som jobbar for fullt med dette, må alle ta del i denne nasjonale dugnaden.