Nina Jones synest Austevoll er vorte mykje større no som ho er vorten kjend i krikar og krokar. Foto: Sigve Solbakken.
Nina Jones synest Austevoll er vorte mykje større no som ho er vorten kjend i krikar og krokar. Foto: Sigve Solbakken.

På jobb i Austevoll:

Avisbod på safari

Som eit ledd i framtidsplanen sin, er Nina Tudno Jones avisbod. Då yrkeslivet stod i fare tok ho grep for å tilpassa seg realitetane.

Eg stegar ned brekka mot kaien på Hufthamar medan himmelen opnar seg og store tunge vassdropar klaskar mot asfalten. Dagen i forvegen ba Nina meg kle meg for vêret, og takksam for det plaskar eg meg ut på kaien. Eg får auge på ein godt innpakka skapning som lempar pakkar inn i ein liten varebil.

– Der er du jo. Så bra du er her, kvitrar Nina.

Ho smell att sidedøra, spring rundt bilen, og våte byrjar me dagen. Ruta hennar dekkar kommunen sør for Medle midt på Storebø, og for å halda tidsfristen er ein «slow» start på måndagen uaktuelt.

Avisbodet i farta.

Velsigna vera vegnamna

For Nina byrja livet i Wales i Storbritannia, men som fem-åring flytta familien til Skedsmo utanfor Oslo. Då ho var 18 flytta ho til vestlandet, og til sist Austevoll. Nina er veldig glad i naturen her, og no får ho sjansen til å utforska han på nært hald.

– Enkelte gongar må eg berre stoppa opp for å ta bilete. Det er så magisk når solstrålane treff, smiler ho.

Appen på mobilen fortel talet på trykksaker for kvart stopp, og i fint tempo nærmar me oss Eidsbøen. Nina fortel at ho jobbar to dagar i veka pluss annankvar fredag og laurdag, i tillegg til fulltidsstudium innan dataprogrammering. Draumen er å bli ein «penetration tester». I data-verda er dette ein som har i oppgåve å simulera angrep på eit datasystem i ein bedrift, for å finna og eliminera eventuelle sikkerheitshòl.

– Eg fekk ein helsediagnose som gjer at det er mange aktivitetar eg ikkje kan utføra, og det innskrenkar moglegheitene mine i arbeidslivet, seier ho med blikket festa på vegen.

Tanken på å verta ufør midt i trettiåra var skremmande, og ho søkte rundt etter yrke som kunne passa situasjonen hennar. Ho fann ut at it-fag var verdt å satsa på, noko ho gjer til fulle.

– Det er veldig spennande studiar og miljøet rundt skulen er inspirerande, ivrar ho medan me køyrer inn på sidevegar underteikna aldri har svinga inn på etter snart førti år i kommunen.

Kan du førestilla deg jobben utan vegnamn?

– Kjære vene, utbryt ho.

– For meg som er tilflyttar hadde eg ikkje hatt ein sjanse i havet.

Det er mange med likt etternamn på postkassestativa og hus utan nummer langs ruta, men alle desse småvegane har overraska henne.

– Plutseleg vart Austevoll ganske stort, ler ho.

Resten av reportasjen får du på papir eller i e-avisa.