Annonseinntektene til avisene stuperID: 17221547 NPK-NTB Lesartala til avisa går opp på grunn av koronakrisa, men inntektene fell, viser ei undersøking blant medlemmene i Landslaget for lokalaviser (LLA). LLA har fått tilbakemelding frå 118 av dei små fådagarsavisene. Omtrent 15 prosent av dei har tapt over 90 prosent av annonseinntektene, skriv Klassekampen. – Dette er veldig dramatisk og eigentleg mykje verre enn det vi hadde trudd, seier generalsekretær Tomas Bruvik i LLA. Over halvparten av avisene svarer at dei ha mista meir enn 50 prosent av dei samla annonseinntektene på nett og papir, 25 prosent av dei har sendt ut permitteringar og 39 prosent vurderer det. Redaktørane i lokalavisene seier ikkje noko om kor store inntekter som er tapt, men mediebedriftene er avhengige av annonseinntekter. Lokalavisene hentar halvparten av driftsinntektene frå annonsemarknaden – Vi gjer no alt vi kan for å støtte medlemmene våre i denne særs vanskelege situasjonen. Men vi er heilt avhengig av hjelp som monnar frå styresmaktene, og det må komme raskt. Viss ikkje vil det gå kort tid før vi ser dei første avisene gå under, seier Bruvik. Også Mediebedriftenes Landsforening (MBL) undersøkjer korleis medlemmene deira blir ramma av annonsebortfallet. Fagsjef Geir Engen minner om at det er for tidleg å konkludere, men han er bekymra. – For mange er dette dramatisk, og det er snakk om veldig mykje pengar, seier han. (©NPK) kirsten@npk.no Bilete: mLQ1NCrDSDU Tomas Bruvik meiner det må komme hjelp frå styresmaktene raskt. Foto: Beate Haugtrø / NPK

Annonseinntektene til avisene stuper