Benno Weisser har hendene fulle med varmepumper heile året. Foto: Sigve Solbakken.
Benno Weisser har hendene fulle med varmepumper heile året. Foto: Sigve Solbakken.

På jobb Austevoll:

Varmepumpemannen

Benno Weisser har funne nisja si i livet. At han skulle finne sin draumestad på nokre øyar langt frå heimlandet ser han på som eit lukketreff.

– God morgon, høyrer eg bak meg i det eg stig ut av bilen min i Bekkjarvik. Benno står klar for å ta fatt på nok ein dag med installasjon av varmepumper. Det ligg rim på bakken, noko som er einstydande med høgsesong i bransjen. I bilen hans går naturlegvis varmeapparatet for fullt i det me rullar mot fyrste kunde for dagen.

Han byrja som røyrleggjar på Voss då han og kjærasten Carolin Engel reiste frå Tyskland til Noreg i 2007 for å arbeida. Det var heilt stopp i behovet for røyrleggjarar i heimlandet deira, og Benno valde å gå på eit språkkurs i regi av tyske NAV for å få seg ein jobb i Skandinavia. Etter tre år på Voss flytta dei til Austevoll, og sidan 2015 har Benno sin kvardag stort sett dreidd seg om desse apparata som durar og går i heimane. Han er tilsett i Fedøy Elektro, men driv denne avdelinga av bedrifta aleine.

– Eg har montert 700 nye pumper på desse fem åra, seier han medan me svingar inn på tunet i Bratten.

Les resten av reportasjen e-avisa eller papir i dag.