Det er inga bøn om du køyrer i feil retning i rundkøyringane, lovar Svein Storebø på politistasjonen.
Det er inga bøn om du køyrer i feil retning i rundkøyringane, lovar Svein Storebø på politistasjonen.

Snarveg kan kosta deg lappen

Politiet vil slå hardt ned på trafikantar som tek snarvegen i rundkøyringane. Med vegtrafikklova i neven, vil dei ta sertifikatet frå syndarar i inntil seks månadar.

Svein Storebø som er trafikkansvarleg ved Politiet i Austevoll, konstaterer at det vert køyrt i feil retning i rundkøyringane. Meldingane kjem stadig særleg om den ved Austevoll ungdomsskule, og sidan det er bussstopp med skuleungdom og barn like ved, forventar politiet at førarar av bilar og andre køyretøy viser særleg aktsemd her.

– Dei som vert tekne for å køyra mot retninga i rundkøyringar, vil mista førarkortet i minst tre månadar, seier Storebø til Marsteinen.

Politiet i Austevoll ynskjer samstundes tips om andre trafikkantar observerer slik køyring.

Den gjeldande forskrifta

Forskrift om tap av retten til å føre motorvogn mv, der det heiter at «er person med førerett ilagt straff for i rundkjøring å ha kjørt i strid med påbudt kjøreretning, bør tap av førerett fastsettes for minst 3 måneder. Har slik kjøring ført til trafikkuhell med personskade eller omfattende materielle skader, eller til situasjoner der slike skader lett kunne ha oppstått, bør tapsperioden fastsettes til minst 6 måneder.«