Sigrunn Hage har nøter i blodet og representerer dei lange linene hos Mørenot på Salthella.
Sigrunn Hage har nøter i blodet og representerer dei lange linene hos Mørenot på Salthella.

Reportasje:

Armar og bein hos MøreNot

Ikkje la deg lura av at det ser rolig ut frå utsida av bygget som MøreNot på Salthella disponerer. Inne er dei i full sving med alt av tilgjengeleg mannskap.

På veg opp trappa til dagleg leiar sitt kontor hos MøreNot Fishery Austevoll er det framleis ikkje teikn til liv på bruket. Det snur seg kjapt når Amund Hatlevik tek meg i mot. Han har jobba i denne stillinga sidan november i 2017, og eg finn fort ut at han trivst veldig godt. Han snakkar på inn- og utpust om det som rører seg på huset og i marknaden.

– Det er mykje å henta i planleggingsfasen, ikkje minst med tanke på kvalitet, seier han engasjert.

Han syner meg dokumentasjon på strekktestar dei sjølve utfører for å sikra at tauet skal tåla det som er oppgitt og vel så det. Han dreg fram kontakten med brukarane av produkta deira som avgjerande for å kunna levera opp til forventing.

– Det er stor kompetanse ute på båtane, så me er interesserte å lytta til alle for å utvikla oss og forbetra oss heile tida, seier han medan me går ut av kontoret. No vil han visa meg dei tilsette som får produkta dei produserer opp til krevd standard.

Resten av reportasjen finn du i e-avisa eller på papir i dag.