Det kjem av prisvekst for fleire av dei viktigaste kommersielle artane til Noreg, ei svak krone og relativt god marknadstilgang, opplyser direktør Tom-Jørgen Gangsø for marknadsinntekt og marknadstilgang i Noregs sjømatråd.
Laks var suverent størst i volum og verdi. Eksporten av laks i 2019 var på1,1 million tonn, medan verdien var på 72,5 milliardar kroner. Dermed auka volumet med 6 prosent, medan verdien auka med 4,8 milliardar kroner, eller 7 prosent, frå året før.
– Svekkinga av den norske krona og auka etterspurnad etter norsk laks er dei to hovudårsakene til verdiauken i 2019, seier Paul T. Aandahl, sjømatanalytikar i Noregs sjømatråd.
Av villfisk er torsk den største arten målt i verdi. Noreg eksporterte 181.000 tonn torsk for 10,1 milliardar kroner. Det er ein volumnedgang på 8 prosent, men rekordhøg eksportverdi.
Polen er største marknaden for Noreg målt i eksportverdi, med eksport av 230.000 tonn sjømat til 10,6 milliardar kroner – ein auke på 1 prosent i volum og 4 prosent i verdi, tilsvarande 407 millionar kroner.
Sjømateksporten til Kina auka med heile 1,5 milliardar kroner, eller 40 prosent, opp til 5,2 milliardar kroner.
NPK-NTB