Prisaukane gjeld òg andre stader i landet, som i Troms og Finnmark, i Rogaland og elles på Vestlandet.
Ordførar Bernt Brandal i Hareid kommune i Møre og Romsdal seier at prisane no har vorte så høge at folk må flytte.
– Staten må inn og leggje føringar. Det må setjast ein makspris for kor mykje ein kan krevje frå oss som reiser, seier han.
Dei 45 ordførarane, som kjem frå Rogaland i sør til Finnmark i nord, møter likevel lita forståing hos samferdselsminister Jon Georg Dale (Frp). Han meiner det er fylkespolitikarane som har ansvaret, ikkje staten, og avviser at han kan leggja føringar på prisnivåa.
– Å detaljregulera korleis fylkeskommunen skal regulera takstsonene sine kan ikkje eg gjera. Når det er fylkeskommunane som har ansvaret, så må dei ta det ansvaret. Det er dei som gjer prioriteringane, seier Dale.
Mange fylkespolitikarar meiner likevel at dei ikkje får nok pengar frå staten for å drifta ferjetilbodet.
Fylkesrådsleiar Tomas Norvoll (Ap) i Nordland seier til NRK at Nordland får 486 millionar kroner mindre frå staten dei tre næraste åra.
– Me har fått mindre pengar enn me fekk før. Viss me skal bruka meir pengar på å driva ferje, må me kutte andra stader, seier han.
Til Skipsrevyen seier statssekretær Allan Ellingsen (Frp) i Samferdselsdepartementet at det er dei rødgrønes prioriteringar som er årsaka til prisane.
– Det er folket i val som har ønskt at det er dei raudgrøne som skal styra Nordland fylkeskommune og dei gjennomfører dei prioriteringane som dei ynskjer. Dermed er det òg dei som gjer det vanskelegare for folk å bu langs kysten, seier Ellingsen.
Han seier Nordland fylkeskommune har prioritert kollektivtransport i bysentera framfor å styrkja ferjetilbodet.