KrFs tidlegare partileiar Knut Arild Hareide tok fredag over ansvaret for samferdselspolitikken og erklærte at klima blir hans viktigaste prioritering. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix / NPK
KrFs tidlegare partileiar Knut Arild Hareide tok fredag over ansvaret for samferdselspolitikken og erklærte at klima blir hans viktigaste prioritering. Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix / NPK

Hareide: Det må lønna seg å reisa miljøvennleg

Dei som reiser kollektivt og miljøvennleg, bør ikkje straffast økonomisk, seier samferdselsminister Knut Arild Hareide (KrF).

Då han tok over det nye kontoret sitt som nyutnemnd statsråd fredag, erklærte han at klima blir den viktigaste prioriteringa hans. Om eitt år skal han leggja fram ein ny Nasjonal Transportplan for perioden 2022–2033. Kollektivtilbod, miljøvennleg transport og forholdet mellom «pisk og gulrot» for å få folk til å reisa grønare, blir noko av det viktigaste planen skal ta opp, lovar Hareide.

– Totalrekninga bør ikkje vera sånn at du kjem tapande ut ved å velja dei miljøvennlege alternativa, seier han til NTB.

I arbeidet med å kutta utsleppa frå transportsektoren vil Hareide jakta på løysingane som gir størst effekt, samtidig som behovet folk har for å koma seg rundt, blir tatt vare på.

– Me må ikkje gløyma at Noreg er mangfaldig. Eg har vore ein jamn brukar av kollektivtilbodet, men eg veit at det er langt enklare når ein bur i storby og har eit tilbod som er reelt, seier han.

Held avtalen om bompengar

Hareide skal ikkje berre styra etter Granavollplattforma, men også bompengeavtalen som dei fire regjeringspartia vart samde om i fjor, berre månader før Frp gjorde alvor av truslane om å trekkja seg frå regjeringa.

– Det er kanskje eit handlingsrom innanfor bompengeforliket, men eg har i utgangspunktet ikkje noko grunnlag for å endra på det dei fire vart samde om og som eg slutta meg til i Stortinget, seier han.

Avtalen inneber at staten betaler ein større del av bymiljøpakkane, mellom anna til kollektivtiltak, men med eit krav om at bompengane måtte reduserast. Det vart òg sett av 1,4 milliardar kroner årleg til å kutta bompengar utanfor byområda.

Avslappa til bom

– Eg har truleg eit litt meir avslappa forhold til bompengar enn det Frp har, men eg er òg opptatt av at bompengane ikkje blir så høge at folk mistar respekten for systemet, seier Hareide.

– Me har sett døme på for høge bompengar i prosjekt, og ein opplever at det ikkje har legitimitet. Det var ikkje berre Frp som var opptatt av å sjå på det, legg han til.

Hareide meiner likevel vegprising er framtida. Eit system der bilistar betaler for kor mange kilometer dei køyrer, kan erstatta både bompengar og andre bilavgifter, meiner Transportøkonomisk institutt. Men Frp har sagt blankt nei til nyvinninga og fekk òg dette bakt inn bompengeavtalen.

– Det ligg nokre føringar der som eg må halda meg til. Men signalet mitt er at vegprising vil vera ei løysing for framtida, seier statsråden.

Oslo-krangel

Forgjengaren hans, Jon Georg Dale (Frp), krangla heftig med det raudgrøne byrådet i Oslo om både bompengar og utbygging av E18 vest for Oslo.

Dale sende i desember frå seg ein stortingsproposisjon om finansiering av ny motorveg mellom Lysaker og Ramstadsletta, og erklærte at prosjektet ikkje kunne stansast.

Hareide kjem ikkje til å trekkja proposisjonen, fortel han.

– Viss regjeringa hadde trekt saka, ville ho sagt frå om det med ein gong, seier den ferske samferdselsministeren.

No blir det opp til partia på Stortinget å landa saka.

Ikkje eingong Frp på Stortinget garanterer støtte til Dales forslag, som inneber at staten betaler 5,5 milliardar kroner av utbygginga, medan 10,8 milliardar kroner blir finansierte med bompengar.

(©NPK)

kari@npk.no