Saman om lidenskapen: Målfrid og Jostein Bjånesøy.
Saman om lidenskapen: Målfrid og Jostein Bjånesøy.

Elvis til evig tid

Onsdag gjekk Stars and Stripes til topps på Storebø. Kongen, Elvis Presley, ville fylt 85 år.

Kor skal me byrja? Med postkassa? Med husveggen? Med gatenamnet? Jau, me byrjar med gatenamnet.

– Eg prøvde å få døypt vegen her Elvis Presley Boulevard, men dei var litt pinglete dei som tok avgjerda, seier Målfrid Bjånesøy (66).

I staden vart gata heitande Knivhaugen. Når Målfrid skal forklara nokon kvar ho bur, er det likevel greitt å seia Elvis-huset. Det er ikkje andre i området som har fått biletkunstnar Kathrine Storebø til å måla The King på husveggen. Sidan har ho måla han på postkassa til familien Bjånesøy òg.

Du er ikkje redd for at folk skal synast du er litt rar?

– Nei, det drit eg i, for å seia det rett ut.

Kathrine Storebø har måla både ytterveggen og postkassa til familien Bjånesøy.

Gåver og suvenirar

Målfrid er 66, og gjer som ho vil. Inne i huset har guterommet til yngstesonen (34) blitt om til eit musikkrom. Eller, eit lite museum er kanskje meir presist. For sjølv om musikk – og i all hovudsak Elvis – er den raude tråden, er det flust i historie her. Frå gamle radioar og forsterkarar, via sveivegrammofon (som funerer!) til jukeboksen som tidlegare stod på Martas kafé. Denne verkar òg.

Og så Elvis-effektane, då. Dei er på hundrevis, tippar eg. Her er blinkande handvesker, krus, vin, brillefutteral – for å nemna noko. Tinga har kome frå fjernt og nær.

– Elvis-klokka var det eit par frå Storebø som kom heim med etter ein biltur i Sverige, og to av bileta her fekk systera mi av frisøren sin. Eine Elvis-puta strikka kusina mi til meg, og eine veska fekk i gåve frå ei som hadde vore på Graceland.

Medlemsblad frå fanklubben «Flaming Star» går attende til 1965, og framleis er Målfrid med.

– Me er 950 trufaste medlemmar i Noreg. Litt lite, synest eg.

Elvis-gåver har kome frå naboar, slekt og vennar. Denne puta har kusina til Målfrid strikka.

Platespelar framfor sykkel

Målfrid oppdaga fyrst den djupe, kontrollerte stemma gjennom Ønskekonserten, men den store forelskinga kom fyrst då ho såg bilete av Elvis i diverse blad.

– Eg klipte ut alle bilete eg kom over, og klistra dei opp med Karlsons lim på skorsteinen på rommet mitt.

Då økonomien i heimen tilsa at Målfrid og systrene skulle få seg syklar, lurte Målfrid på om ho ikkje heller kunne få seg ein platespelar.

– Eg kunne jo berre låna ein av dei andre sine syklar når eg trengde det.

Platespelar vart det. Han gjekk på batteri og var med unge Målfrid over alt.

– Då eg var konfirmert, byrja platekjøpa. Eg reiste til legendariske Musikkmagasinet i Bergen, som låg der Hotell Neptun er i dag.

Det gjekk i Ricky Nelson, Fabian, The Temptations, og sjølvsagt Elvis.

Jukeboksen frå Martas kafé, er framleis i vigør. Klart vert det ein Elvis-låt, berre på gøy.

Dødsbodskapen

16. august 1977. Målfrid var på overnatting hos tanta si i Bergen, då tanta om morgonen ropte inn til henne: Kven er det som spelar på radioen no?

– Det er Elvis, svara eg. «Å, det var Elvis ja. Han er død.» Det var ein sørgjeleg dag.

Same året Målfrid mista Elvis, fekk ho Jostein. Eit dugeleg plaster på såret, kan du seia. Jostein kjem ned frå stova og inn på musikkrommet. Han tek seg over hårtustane og kommenterer at han aldri har gjort noko for å likna den store helten til kona, verken farga håret eller lagt seg under kniven. Og likevel er ho glad i han. Det er ekte kjærleik.

Med tida har Målfrid forma Jostein, som eigentleg er meir ein Willie Nelson-type fyr, til å lika Elvis.

– Han er verre enn meg, påstår ho.

– Hadde det ikkje vore for Jostein, ville me nok ikkje reist på Elvis-tur i 2017.

Då vart det Graceland, det vart Tupolo og vitjing i den fattigslege barndomsheimen til The King, det vart fleire studiobesøk og konsert i Grand Ole Opry House.

Døra inn til heilagsomen.

Fyrste stjerne

Medan Målfrid er mest oppteken av fenomenet Elvis, er Jostein meir interessert i historia. Om barnet som kom til verda som einegga tvilling, men broren var dødfødt. Om dei stusselege levekåra, og den sjenerte gutungen med den store stemma, som for fyrste gong song for eit publikum i kyrkja heime. Om fattigguten som vart mobba, men slo gjennom og vart verdas største artist.

Han var så tett knytt til mor si, Gladys. Då ho døydde 42 år gamal, var han knust. Elvis vart sjølv berre 42 år.

– Det er sørgjeleg å sjå bilete frå dei siste leveåra hans, synest Målfrid. Ingen hadde tidlegare vore stjerne på same måte som Elvis, med media i hælane kvar enn han gjekk.

– Etter han døydde, vart Elvis ein stor industri. Det er han framleis.

  1. august vert det amerikanske flagget heist til halv stong i Knivhaugen.

Siste ynskje

Det ringer i telefonen til Målfrid. «Glory, glory, Hallelluuuuuujah».

– Ingenting er overlate til tilfeldigheitene, kommenterer Målfrid før ho svarar. Når ho legg på, kjem ho med eit siste ynskje:

– Den dagen eg forlét verda, håpar eg dei spelar Elvis i gravferda mi. Gjerne noko gospel.

Målfrids favorittar

– På radioen er det dei same Elvis-låtane som går om att og om att. Mange nydelege songar vert aldri spelt, seier Målfrid. Her er nokre av favorittane hennar:

Sentimental Me
Please Don’t Stop Loving Me
An American Trilogy
There’s Always Me
The Wonder Of You
Steamroller Blues