Klokka 13:11 var det høg vasstand i Bekkjarvik tysdag. Natt til onsdag mellom 02 og 03 er det venta endå høgare flo. Inge Halstensen og Marianne Rabben vurderer tilhøva, Foto May Linn Clement.
Klokka 13:11 var det høg vasstand i Bekkjarvik tysdag. Natt til onsdag mellom 02 og 03 er det venta endå høgare flo. Inge Halstensen og Marianne Rabben vurderer tilhøva, Foto May Linn Clement.

Ekstra høg vasstand i natt

Mellom 02–03 natt til onsdag vert det ekstra høg vasstand i Austevoll. Forsikringsselskapet Trygg ber folk ta førehandsreglar.

På strekninga Åna-Sira til Austevoll er det venta ekstremt høg vasstand natt til onsdag, estimert til 80-90 cm over høgda oppgitt i tidevasstabellane. Vasstanden er venta å vera på det høgaste mellom klokka 02 og 03. Meir informasjon om tidevatn og vasstand finn du på sehavniva.no

Hos forsikringsselskapa ber dei særleg båteigarar ta grep før høgvatnet.

– Båteigarar bør komma seg ut i dag og sjekka at fortøyningar på båten er tilpassa høgere vasstand, dei bør gjerne sikrast i tillegg. Båter som ligg inne i naust nær sjøkanten bør òg sikrast, då vatnet er venta å stiga så mykje at det fort vil siva inn. Også båtar lagra på kai eller i fjøra bør sikrast ekstra før vasstanden stig, seier Johnny Hellesøy, båtekspert i Tryg Forsikring i ei pressemelding.