Krossfjorden, sett frå Bakkasund, bør vernast meiner Birthe Wessel i MDG Austevoll. Illustrasjonsfoto: Trond Hagenes.
Krossfjorden, sett frå Bakkasund, bør vernast meiner Birthe Wessel i MDG Austevoll. Illustrasjonsfoto: Trond Hagenes.

LESARINNLEGG:

Å ikkje verna naturmangfald, er å rygga inn i framtida

Miljødirektoratet ynskjer å etablera marint verneområde i Krossfjorden fordi han inneheld truga, sjeldan og sårbar natur, og fordi ho har naturvitskapleg verdi. Ordførar, Morten Storebø, arbeider på vegne av Austevoll kommune for å stoppa dette og har mellom anna bede statsministeren om støtte. I MDG ser me annleis på saka. Me meiner at naturen og livsmiljøet alltid skal ha fortrinnsrett, òg når me etablerer og driv næringsverksemd. Det betyr ikkje at me ikkje ynskjer å bruka naturen og ressursane som er tilgjengeleg der. Det betyr at me vil sikra at desse ressursane òg er tilgjengelege for framtidige generasjonar.

Krossfjorden er eitt av dei best dokumenterte marine kystområda i Noreg, med eit stort mangfald av artar. Her lever den sterkt truga pigghåen delar av året. På nordsida av Austevoll finst viktige korallrev og sjeldne kalkalgar. Det ligg og to sjøfuglreservat i det føreslått verneområdet, blant anna for stormåse, ærfugl, skarv og havdukkender. Me finn òg undersjøiske skogar av stortare, som er eit viktig oppvekstområde for fisk, men som også er viktig i klimasamanheng. Tareskogen tek opp og lagrar CO2.

Vern av Krossfjorden blir støtta av både fiskarar og Havforskingsinstituttet. Havforskingsinstituttet har uttalt at: «Relativt upåvirkede områder som referanser er viktigere enn noensinne, ikke minst siden den menneskelige påvirkningen stadig øker både i havet og langs kysten, men også siden vi forventer globale endringer i havklima og havkjemi. Global oppvarming og havforsurning i våre områder kan allerede måles, mens eventuelle langtidseffekter er for en stor del uforutsigbare.» Fiskarlaget Vest meiner at vern vil bidra til å sikra intakte leveområde for fisk, skaldyr og andre marine organismar. Slik vil ein få eit betre grunnlag for fiskerinæringa. Vern av Krossfjorden vil òg bidra til auka attraktivitet for naturbasert reiseliv, fritidsfiske og dykking. Turisme og rekreasjon knytt til hav og kyst føreset at det finst ein rein kyst og ressursar som fisk, fugl og kval.

I Krossfjorden er det i dag vesentleg påverknad frå drivande søppel og mikroplast. Fjorden blir òg påverka av forsuring av storhavet, som er alvorleg for korallreva i området. Det er òg betydeleg akvakulturverksemd i Krossfjorden, og det er nok her det kritiske blikket til ordføraren kjem inn. Han ynskjer nok å verna oppdrettsbedriftene i kommunen, både med tanke på arbeidsplassar og økonomi. MDG meiner og at det er viktig med arbeidsplassar og trygg økonomi. Men me må hugsa på at tilrådinga frå Miljødirektoratet inneber at eksisterande akvakulturverksemd blir halda utanfor verneforslaget. Drift og vedlikehald av eksisterande anlegg kan halde fram som før. Ynskjer ein å oppretta nye anlegg, må det søkjast om dispensasjon – her kan til dømes lukka anlegg bidra til mindre forureining frå anlegga.

Av Noregs sjøareal er berre om lag 3,1 prosent av sjøarealet verna. MDG meiner at det er viktig å bevara naturen for framtidige generasjonar. Å verna Krossfjorden vil gi betre grunnlag for at verdiar som ein ynskjer å nytta i framtida ikkje går tapt. Etablering av marine verneområde vil dermed fungera som ei forsikring mot tap av naturmangfald. Reine sjøområde er òg avgjerande for kvalitet, mattryggleik, omdømme og marknadsverdi for norsk sjømat. Om ein forvaltar dei marine økosystema våre på ein god måte, vil denne fornybare matproduksjonen kunne ha eit «evigheitsperspektiv». Klima- og naturmangfaldskrisa me no ser over heile kloden er eit resultat av manglande forståing for betydninga av å ta vare på livsgrunnlag og biologiske mangfald. Det må vi ta lærdom av – og verna om Krossfjorden.

Birthe Wessel, kommunestyrerepresentant for Austevoll MDG

Kjelde: Miljødirektoratet si tilråding til klima- og miljødepartementet om etablering av tre marine verneområde.