Nyheter

Ballets dronning med gjenbruk?

Karen Marie Vaagen har sett seg lei på dyre ballkjolekjøp. I helga sel ho brukte kjolar som ho har samla inn frå heile kommunen. – Det er over 30 kjolar, seier Karen Marie Vaagen. Sjå alle dei fine kjolane i videoen under! Severin TøkjeJournalist93 49 15 01

Storskala handarbeid

Nøtene har vekst seg ut av bøtehallen. Men det er lys i enden av året: I november står ein ny bøtehall klar ved Egersund Net på Rabben.

Brøytar for harde livet

Det er ikkje få områder som skal brøytast når snøen fyrst har lagt seg i kommunen. – I natt byrja me klokka fire og var ferdige åtte på morgonen. Det er mykje arbeid, seier Kenneth Sele som har brøyta sidan 1998. Han har ansvar for at kommunale vegar og plassar, i tillegg til noko privat […]

Gamle fotografi: Kvinneforeining på fyret

Dette fotografiet fann Marsteinen på Digitaltmuseum.no. Medan Jærmuseet opplyser at fotografiet er teke på 1950-talet, trur lokalavisredaksjonen at fotografiet er noko eldre. I bakgrunnen ser me det gamle fyret på Marsteinen. Det vart, slik det framgår av andre kjelder, rive kring 1949 grunna dei store skadane det fekk under krigen.

Pleie og omsorg: Rådmannen vil henta inn tilbod

Trass i at rådmannen meiner at kommunal drift vil gje meir fleksibilitet i organisering og drift av pleie- og omsorgstenestene, konkluderer han med ei løysing der kommunen ber om tilbod på drifta av ei samla pleie- og omsorgsteneste.