Austevoll kommune meiner Sol-li barnehage AS braut barnehagelova då dei mellom anna kjøpte ein feriebustad i Spania og løna leiaren for høgt. Noverdande eigar, Eventus barnehage AS, seier dei vil klaga på vedtaket. Arkivfoto.
Austevoll kommune meiner Sol-li barnehage AS braut barnehagelova då dei mellom anna kjøpte ein feriebustad i Spania og løna leiaren for høgt. Noverdande eigar, Eventus barnehage AS, seier dei vil klaga på vedtaket. Arkivfoto.

Tilsynsrapport: Sol-li må ut med 1,4 millionar kroner

Kommunen har konkludert med at Sol-li barnehage AS har brote vilkåra i barnehagelova. Resultatet er at kommunen ber om attendebetaling på 1,4 millionar kroner.

Marsteinen er blitt felt av Pressens Faglege Utvalg for brot på god presseskikk, Vær varsamplakatens 4,14.

Heile PFU uttala finn du her.

Sommaren 2018 fekk kommunen melding frå Fylkesmannen i Hordaland om at Sol-li barnehage AS skal ha kjøpt feriebustad for bruk til dei tilsette. Kommunen sette dermed i gang økonomisk tilsyn med barnehagen, retta mot forhold i åra 2016 og ’17. Kommunen har særleg vurdert paragraf 14 a i barnehagelova, som er knytt til bruk av offentlege tilskot og foreldrebetaling i ikkje-kommunale barnehagar.

Sol-li barnehage AS kjøpte i fylje tilsynsrapporten firmabustaden i frå eigarane i barnehagen, Ann-Elen Waage Drivenes og ektefellen Lars-Roar Drivenes i desember 2016. Kjøpet vart gjennomført etter vedtak i samarbeidsutvalet, styremøte i Sol-li barnehage og ekstraordinær generalforsamling i selskapet. Kommunen skriv at dei legg til grunn at det aldri vart tinglyst noko eigarskifte eller at det på anna måte vart sikra rettsvern for transaksjonen. Leilegheita vart i mindre utstrekking brukt av dei tilsette, og i fylgje kommunen sine konklusjonar heller ikkje aktivt brukt i rekrutteringsarbeid før etter at tilsynet var kome i gang, i september 2018. I saka går det fram at barnehagen si leilegheit vart kjøpt attende av Ann-Elen Waage Drivenes og Lars-Roar Drivenes i 2018.

Firmabilar og løn

Tilsynsrapporten tek òg for seg forhold som kjøp av bilar, frå eigarane eller eigarane sin familie. Mellom anna skal dagleg leiar sin Mercedes ha blitt kjøpt for 245 000 kroner, og ein vaktmeisterbil er kjøpt frå Lars Herman Waage Drivenes. Begge desse bilane er kommunen viss på er brot på lova, i tillegg at vaktmeisterbilen og tilhøyrande verktøy er borte frå barnehagen når han ikkje er i bruk.

Kjøpet av ein elbil med sju seter vert ikkje vurdert som brot på barnehagelova.

I tillegg vurderer rapporten om studieturar til Stockholm, ein tur med danskebåten og ein studietur til Bergen er i tråd med lovverket.

Styrar har for dei to åra fått trekkpliktige ytingar på 839 345 i 2016 og 945 187 i 2017. Fast styrarløn i større barnehagar ein kan samanlikna med på øyane, vert oppgjeve til å vera mellom 597 000 og 704 000 kroner i året. Sol-li opererte òg med styrarassistent i 40 prosentstilling i nær seks månadar i 2017. Denne stillinga vart fylt av styrar si dotter, som seinare overtok rolla som dagleg leiar. Utbetalingar til leiarløn i barnehagen ligg årleg på mellom 80 000 og 160 000 kroner over det som er naturleg.

Vil klaga

I januar 2019 vart Sol-li seld til kjeda Eventus barnehage AS. Kommunen opplyser at dei tidlegare eigarane av barnehagen har gjort opp overfor sjølve barnehagen, men ikkje overfor ”verten”. Dette er utan relevans når ein tolkar barnehagelova sin paragraf 14 a, og Sol-li må dermed betalast i eitt avdrag.

Styreleiar i Eventus Sol-li barnehage, Kjetil Hopen, seier at dei vil klaga på konklusjonane i rapporten.

– Me har hatt ein god dialog med Austevoll kommune under prosessen og er einige med kommunen når det kjem til dei faktiske forholda. Austevoll kommune er einig med oss i delar av synspunkta våre etter den førebelse rapporten, og me er samde i delar av kommunen si tolking av regelverket. Me meiner at barnehagen stort sett har fylgt regelverket og levert eit godt tilbod for barn, føresette og tilsette, skriv Kjetil Hopen til Marsteinen.

Han meiner at det avgjerande punktet er om tilskotet frå foreldrebetaling og det offentlege har kome barna til gode, ved at dei får eit godt barnehagetilbod.

– Det står ingenting i rapporten om at ikkje tilbodet til barna har vore bra. Det har vore god bemanning i Sol-li, god pedagogdekning, blitt servert tre måltid kvar dag i barnehagen, der eitt av dei har vore eit varmt måltid. Det er ein flott barnehage og uteområde, og barnehagen har generelt levert eit godt tilbod.

Konklusjonen, som er eit kommunalt einskildvedtak, kan klagast til kommunen innan tre veker. Dersom klaga ikkje vert teke til fylgje vil fylkesmannen ta ei endeleg avgjerd.