Politinotis: Skadeverk og utforkøyring

Sundag vart det meldt om skadeverk på to bilar parkerte ved Gråsiddalen, medan det måndag vart meldt om utforkøyring ved UnoX-stasjonen ved Eidsbøen.

Operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ved Vest politidistrikt fortel at to bilar har vore utsett for hærverk ved Storebø kai.

– Ei frontrute er knust, og det vart funne ein sykkel på toppen av panseret på den eine bilen. Eigar av det eine køyretøyet vil melda saka til politiet, medan den andre enno ikkje skal ha vore i kontakt med oss, opplyser Dahl-Michelsen.

Vesle julaftan vart ein person inndrege førarkortet etter utforkøyring ved Kalvenes-senteret på Eidsbøen. Det vart vist til vegtrafikklova sin paragraf 3.

– Føraren var tilsynelatande uskadd, men i sjokkliknande tilstand, les operasjonsleiaren frå loggen.