Margit og Ingebrigt med dei to eldste barna, Svanhild og Laila. Sidan kom Maryann og sonen Inge. Han døydde i fjor, etter å ha vore sjuk ei kort tid.
Margit og Ingebrigt med dei to eldste barna, Svanhild og Laila. Sidan kom Maryann og sonen Inge. Han døydde i fjor, etter å ha vore sjuk ei kort tid.

Ein mann av heil ved

For 40 år sidan Ingebrigt Sandvik (1917-1992) la ned drifta av Sandvik Trevarefabrikk. Der vart trapper, vindauge, dører og kjøkeninnreiingar produserte og deretter monterte i heimar i heile Austevoll. Mykje er bytt ut, men framleis finst det skattar rundt om i kommunen.

Svanhild Hevrøy (73) er eldst av dei fire barna til fabrikkherre Ingebrigt og Margit Sandvik. Ho tek meg med til barndomsheimen sin, der mora budde til ho døydde i 2012.

– Eg hugsar far styrte med å få kjøkenet ferdig til mor kom heim frå klinikken med systera mi Maryann. Ho vart fødd i 1952.

Kjøkeninnreiinga i huset er no 67 år gamal. Stilen er naturlegvis frå 50-talet, men kjøkenet ber elles ikkje synlege preg av å vera i pensjonistalderen. Svanhild seier mor Margit var nøye med å halda det fint, og lakka trevirket når det var naudsynt. Dei slette dørene glinsar, men ikkje like sterkt som kjøkenbenken.

– I alle år baka mor rett på benken her, seier Svanhild og let handa skli over den glatte disken.

Set du meir pris på det som er att etter far din no enn tidlegare?

– Ja, absolutt. Eg er glad og takksam for at kjøkenet er så godt bevart. Hadde eg teke over dette huset då eg var yngre, er eg redd eg hadde kasta ut kjøkenet til fordel for noko meir moderne.

Men det moderne kjøkenet Svanhild og Svein Arne Hevrøy fekk inn i det nye huset sitt i 1972, kunne umogleg stå i 67 år.

– Kvaliteten var dårleg, og innreiinga byrja etter kort tid å falla frå einannan.

Reportasjen med foto kan du lesa her.