Politinotis:

Drama i Møkstrafjorden

Like over 21:30 laurdag fekk naudetatane melding om at ein mindre båt med to personar om bord hadde gått på grunn ved Krabbhausane i Møkstrafjorden.

Politifyrstebetjent Per Nordstrand i Austevoll-politiet fortel om to medtekne menn i 40–50-årsalderen som var letta då dei vart plukka opp ein halvtime etter grunnstøyttinga.

– Mannskapet på ambulansebåten  gjorde ein kjempejobb. Dei klarte å få ein leider over til dei to mennene, som deretter vart berga. Det er grunt rundt skjera det er snakk om, seier Nordstrand til Marsteinen.

I tillegg var brannvesen på veg ut, og dykkarkapasitet var på veg frå Os, dersom situasjonen hadde eskalert. Båten det var snakk om var ei tresnekke like over 20 fot.

– Mennene var lokalkjente, men tydlegvis ikkje vande til å navigera i mørkret og hadde kome ut av kurs. Lukkelegvis hadde dei klart å ringa etter hjelp med mobiltelefonen.