I dempa belysning, friskt interiør og god atmosfære møter ei smilande Therese Storebø lokalavisa over ein caffè latte i den nye cocktail-baren hennar, Tipla.
Rett ved sidan av den italienske restauranten Jamie Oliver i Bergen sentrum finn du han. Med eit godt samarbeid har Therese no blitt dagleg leiar på nytt, etter å tidlegare ha drive utestaden Vaskeriet, som ho dreiv i åtte månader for nokre år sidan, før ho tok ein pause i 2015.
No er ho tilbake, og namnet på den nye cocktail-baren hennar ligg det ein historie bak.
– I 2011 kom eg i finalen i verdas mest prestisjefylde konkurranse innan bartending. World Class, i New Delhi i India. Den eine kategorien eg skulle konkurrera i var Gentleman fancy tipple. Eg ana ikkje kva det betydde, så eg spurde Google. Det viste seg at tipple betyr å drikka små mengder, ofte. Eg ynskjer at folk skal kosa seg her, utan å bli for fulle, altså tipla, ikkje tripla, smiler ho. Dermed valde ho namnet Tipla.
Du kan lesa heile saka i E-avisa eller på papir torsdag.