Skadane på den eine av to bilar som var involvert i ulukka.
Skadane på den eine av to bilar som var involvert i ulukka.

Etterlyser vitne etter møteulukke

Torsdagskveld like etter klokka 21 fekk austevollpolitiet melding om ei møteulukke ved utkøyringa til Nordre Haugland. Politiet etterlyser vitner til ulukka, som fort kunne fått lang meir alvorleg utfall.

To bilistar er fråteke førarkorta etter ulukka på torsdagskvelden. Politibetjent og trafikkansvarleg Svein Storebø fortel at den eine bilen køyrde med utslitne sommardekk på ein kveld der underkjølt regn kunne gjort vegbanen ekstra glatt.

– Det er mogleg ein av bilistane får hatt sertifikatet etterkvart som me får etterforska, men for sjåføren med dei utslitne dekka vil dette vera minder sannsynleg, seier Storebø, og viser til Vegtrafikklova sin paragraf 3. Det er 60-kilometer-i-timen som fartsgrense på staden.

Møteulukke
Skadane på bilane indikerer at det ikkje er snakk om ein direkte frontkollisjon, men den eine bilen har særlege omfattande skadar, og politiet fann vrakrestar i form av ei bremsskive langt ute i terrenget. Airbaggane vart òg utløyste, seier Storebø.

– Me har indikatorar på at det var ein bil som tok kontakt ved krasjstaden like etter ulukka, og me ynskjer kontakt med sjåfør eller passasjerar i denne bilen. Ring gjerne lensmannskontoret på måndag. Dei vil få status som vitne, seier Storebø.

Politiet arbeidde fredag og laurdag med å skaffa seg eit klårare bilete av hendinga.

– Bilistane har hatt kjempeflaks som har unngått alvorlege personskadar, konkluderer politibetjenten.