Det er 20 år sidan hurtigbåten Sleipner frå Haugesund med kurs mot Stord og Bergen køyrde på eit skjær i Bømlafjorden. Vraket av båten blei 21. august 2000 heva frå sjøen i ei vik ved Lyngholm i Sveio med kranbåt. Arkivfoto: Alf Ove Hansen / NTB scanpix
Det er 20 år sidan hurtigbåten Sleipner frå Haugesund med kurs mot Stord og Bergen køyrde på eit skjær i Bømlafjorden. Vraket av båten blei 21. august 2000 heva frå sjøen i ei vik ved Lyngholm i Sveio med kranbåt. Arkivfoto: Alf Ove Hansen / NTB scanpix

20 år sidan Sleipner-ulykka

Sleipner-ulykka pregar framleis etterlatne og overlevande, 20 år etter. Tysdag er det samling for å minnast det som skjedde.

Sonen hennar var ein av dei 16 som omkom då hurtigbåten grunnstøytte og sokk på kort tid i Bømlafjorden, ytst i Hardangerfjorden.

Følid leiar Støttegruppen etter Sleipner-ulykken og Nasjonalt Støttegruppenettverk og har jobba med å organisera minnestunda på tysdag. Ho reknar med at rundt 100 personar vil ta turen til minnesmerket ved Ryvarden fyr i Sveio. Arbeidet med å organisere samlinga, skaffe talarar og bussar har tatt mykje tid og er både fysisk og psykisk slitsamt, fortel Følid.

– Verdifulle erfaringar

At det har vore vanskeleg og tatt tid å få økonomisk stønad til sjølve arrangementet, er noko av det som slit, fortel ho. Ho etterlyser i det heile meir stønad til nettopp støttegruppene etter store ulykker og hendingar, og ein respekt for kva ein kan lære av dei.

– Me har førstehandserfaringar som er mykje verdt. Ein får mykje skryt for arbeidet ein gjer, men dei er ikkje noko flinke med å nytta seg av erfaringane våre, seier Følid, som også er med i det nasjonale nettverket for støttegrupper.

Sjølv har ho jobba mykje med å prøva å få kartlagt seinskadane for dei overlevande og etterlatne etter ulykka, men fekk ikkje pengar til det frå Helse- og omsorgsdepartementet.

Feilnavigering og feil på utstyr

Det var uvêr og høge bølgjer då Sleipner sokk. Feilnavigering var den direkte årsaka til at hurtigbåten mellom Stavanger og Bergen gjekk på grunn, og kapteinen vart seinare dømd for aktløyse.

Men kommisjonen som undersøkte ulykka, fann òg at mange andre feil bidrog til at ulykka vart så omfattande. Redningsutstyret fungerte ikkje som det skulle, og naudstraumen slokna slik at det korkje var lys eller mogleg å gi beskjedar over høgtalaranlegget. Båten var dessutan ikkje testa i tøffe vêrforhold. Han var ikkje godkjent for bruk under dei forholda som den hamna i på den siste turen sin. Kraftig vind piska opp fjorden, og bølgjene gjekk høge denne kvelden 26. november 1999.

Nye reglar

Ulykka har ført til fleire nye tryggingskrav, både internasjonalt og nasjonalt.

– Det har skjedd ganske mykje etter rapporten frå undersøkingskommisjonen kom, seier kommunikasjonsdirektør Dag Inge Aarhus i Sjøfartsdirektoratet til NTB.

Norske styresmakter fekk mellom anna den internasjonale maritime organisasjonen IMO med på nye krav til korleis skrog skal byggjast, slik at fartøy kan halde seg flytande lenger etter ein skade. Det gir meir tid til evakuering.

Det er komme nye krav til hurtigbåtar, mellom anna at mannskapet skal ha eiga opplæring i krisehandtering. Krava til tryggingssystem og øvingar har vorte skjerpte.

Direktoratet fekk likevel ikkje internasjonalt gjennomslag for strengare krav til redningsflåtane, men ifølgje Aarhus har produsentane sjølve sørgde for betre løysingar. Dei fekk heller ikkje gehør for at nye passasjerferjer skal teste evakuering i dårleg vêr.

Eit minnesmerke med namna på dei 16 som mista livet i Sleipner-ulykka, blei avduka i november 2000 like ved Ryvarden fyr i Sveio. Avdukinga, som skjedde på eittårsdagen for ulykka, blei gjennomført av statsråd Grete Knudsen og sjukehusprest Gro Steensnæs Håvås. Arkivfoto: Alf Ove Hansen / NTB scanpix

Betre redningsvestar

På nokre område har Noreg innført særkrav, utan internasjonal stønad. Derfor må norske ferjer som går i kalde farvatn, ha redningsvestar som må festast med stroppar for å fungere. Dei skal takast på som ei badedrakt, noko som gjer at det blir lettare å halda varmen og dessutan sikrar riktig oppdrift i vatnet.

Også Kystverket har gjort endringar, mellom anna er det betre system for å måla bølgjer slik at det er lettare for mannskapet å vurdera om det er trygt å legge ut.

– Me meiner sikkerheita har vorte betre ut frå alle tinga som er gjort på hurtiggåande fartøy, men også andre typar fartøy. Talet på ulykker med både ferjer, hurtigbåtar og lasteskip har gått ned, sjølv om trafikken har auka, seier Aarhus.

ketil.bjaerke@ntb.no