Relativt lågt fiske og godt påfyll av «ny» makrell i gytebestanden gjer at forskarane kan rå til eit fiske på opptil 922 064 tonn makrell for 2020. Gytebestanden av makrell er anslått til 4,5 millionar tonn i 2020, skriv Havforskingsinstituttet på nettsida si.
Til samanlikning var det førre og reviderte kvoterådet for 2019 på 770 358 tonn.
Norsk vårgytande sild har ikkje hatt sterke årsklassar sidan 2004. Gytebestanden er berekna å Vera 3,65 millionar tonn neste år. Forskarane rår til ein kvote på opptil 525 594 tonn, ned elleve prosent frå 2019.
Landa som fiskar nvg-sild blei ikkje politisk einige om fordeling av totalkvoten for i år. Summen av enkeltlanda sine kvotar utgjorde 773 750 tonn i 2019.
ICES har berekna at bestanden av vestleg hestemakrell no er like over sitt historisk lågaste nivå. Den låge bestanden løyser ut føre-var-tiltak som dreg kvoterådet ned meir. Forskarane rår til eit fiske på opptil 83.954 tonn, ned 42 prosent frå førre råd.
Rådet for kolmulekvoten i 2020 er på opptil 1 161 615 tonn, mot 1 143 629 tonn i år.
Kolmulen har hatt svak rekruttering dei siste par åra, men hadde ein periode med god rekruttering før 2017. Framleis er det dei sterke årsklassane som utgjer gytebestanden.
NPK