Frå venstre bak: Trenar Annette Horne Tøkje, Mia Sørvik, Ragnhild Sandtorv, Klara Nilsen, Louise Lund-Sivertsen, trenar Odd Ivar Nilsen, Thea Johansen Våge, Silvia P Hufthammer og trenar Alland Lund.  Frå venstre framme: Martin Fagerbakke, Iselin S Nord, Mariann Våge og Bertine Klæboe. Foto: AIK symjegruppa.
Frå venstre bak: Trenar Annette Horne Tøkje, Mia Sørvik, Ragnhild Sandtorv, Klara Nilsen, Louise Lund-Sivertsen, trenar Odd Ivar Nilsen, Thea Johansen Våge, Silvia P Hufthammer og trenar Alland Lund. Frå venstre framme: Martin Fagerbakke, Iselin S Nord, Mariann Våge og Bertine Klæboe. Foto: AIK symjegruppa.

LESARBREV

TIL FINALAR I ADO OPEN

I helga har symjegruppa i Aik delteke i symjestemnet Ado Open arrangert av symjeklubbane i Begen. Dette er eit stort stemne, som har eit internasjonalt preg. Denne gongen var det berre ulike klubbar frå Noreg som var med, 24 klubbar og 357 utøvarar som deltok.

Austevoll si symjegruppe har etterkvart vist at dei kan konkurrera på høgt nivå og det kom tydeleg fram i helga. Thea Johansen Våge (13) og Louise Lund-Sivertsen (13) komme begge med vidare til finaler.

Louise kvalifserte seg til den mest frykta øvinga, nemleg 200-meter butterfly. I frå forsøket til finalen pressa ho tida ned med heile 3,68 skund! Det gav henne ei velfortent sterk sjetteplass. På denne øvinga fekk ho også sølvmedalje i årsklassane 2008, 2007 og 2006.

Thea kvalifiserte seg til øvinga 100-meter butterfly. Og ho var ikkje dårlegare enn venninna si. Ho pressa tida ned med heile 3,78 sekund frå sitt forsøk til finalen. Det gav ho ei ny personleg rekord med 3,21 sekund!

For å setja det i rett perspektiv så var det med heile 200 jenter frå dei ulike klubbane. For å komma til finale, må du ha ei tid blant dei ti beste jentene er fødde i 2003 til og med 2008. Ikkje rart me er stolte og krye av desse flinke jentene!

Men det var ikkje berre desse to symjarane som imponerte. Bertine Leknesund Klæboe (12) symde ei imponerande 400 meter fri. Ho tok leiinga i sitt heat i frå byrjinga og symde forbi to andre utøvarar med ei 50 meters lengde. Bertine klokka inn ny tid med ei betring på heile 39,38 sekundar og tok dermed rekorden for størst betring for Austevoll denne helga.

Martin Fagerbakke (12) som deltok på sitt aller fyrste approberte stemne, fekk i tillegg ei ny personleg rekord. Han betra tida si med heile 13,37 sekunder på 50 meter fri.

Alle dei ti frå Austevoll fekk nye personlege rekordar, totalt blei det 46 nye rekordar! I tillegg fekk dei med seg 24 medaljer heimatt.

AIK Symjegruppa

Navn: Antall perser Beste tid i sek Øving Medaljer
Louise 2 12,09 200 m medley 7
Thea 5 11,31 400 m fri 8
Martin 1 13,37 50 m fri 0
Mia Sø 8 24,76 400 m fri 4
Silvia 4 19,24 400 m fri 1
Klara 4 17,78 400 m fri 3
Mariann 1 3,42 200 m rygg 0
Iselinn 5 8,65 100 m bryst 0
Ragnhild 7 11,8 200 m bryst 0
Bertine 7 39,38 400 m fri 1