Lang kø mot Lagunen.

Til Bergen? Då må du rekna god tid.

Skal du til Bergen må du rekna god tid når du kjem til fastlandet. Lange stilleståande køar frå Fana kirke til Lagunen i morgontimane.

Ved Byggern på Fanavegen er det berre eitt køyrefelt som er ope og manuell dirigering gjer at trafikken i lange periodar står heilt stille.

Trafikken står i begge retningar.

SISTE:

Vegtrafikksentralen melder til BT at det har vore vegarbeid på Svegatjørn-Rådal.

– No er arbeidet avslutta, seier trafikkoperatør Kjetil Løvås til BT.

Trafikken vil dermed løysa seg gradvis opp.