Politibetjent og trafikkansvarleg Svein Storebø er sjokkert over haldningane til einskilde sjåførar.
Politibetjent og trafikkansvarleg Svein Storebø er sjokkert over haldningane til einskilde sjåførar.

Sjokkerte over mobilbruk

Austevollpolitiet er rysta over at så mange sjåførar snakkar i mobilen når dei køyrer nær ein barneskule. Torsdag kunne dei skrive ut tolv førelegg på eit par timar.

Svein Storebø er trafikkansvarleg hos politiet i Austevoll. Saman med to kollegar fekk han kontrollert sørgåande bilar like ved Storebø skule på ettermiddagen torsdag.

– Me fekk skrive ut fire førelegg, men kunne ha komme opp i eit dusin om me hadde hatt kapasitet til det. Eg synest det er sjokkerande at sjåførane ikkje tek omsyn til trafikkmiljøet, seier Storebø. Han poengterer at det er tre fartshumpar, gangfelt og 40-kilometer-i-timen fartsgrense ved skulen.

– Små barn som ikkje har fullt utvikla sanseapparat ferdast ved skulen heile dagen, og då skal bilistane vera særleg skjerpa. Me har absolutt ingen å mista, strekar Storebø vidare under.

Dei fire som vart vinka inn vekk forenkla førelegg på 1 700 kroner og to prikkar i førarkortet. Er ein på prøve, vil belastinga frå prikkane vera dobbelt så høg. Dette var tilfelle med ein av bilistane som vart stogga på Storebø.