Arne Lier (Venstre), Camilla Libnau og Janne Kjellevold Midtbø i MDG.
Arne Lier (Venstre), Camilla Libnau og Janne Kjellevold Midtbø i MDG.

Valresultatet:

Mellom tårer og jubel

Tårer av skuffelse og tårer av glede. Det er litt av alt når resultata for kommunevalet er klart.

– Eg kan i alle høve lova at det ikkje blir like mange samrøystes vedtak i kommunestyret i den kommande perioden, seier Janne Kjellevold Midtbø etter at valresultatet ligg klart. Slik valresultatet ligg før personstemmene vert klare tysdag, er MDG inne med éin mandat i kommunestyret.

Òg hos Senterpartiet er jubelen stor.

– Me meiner me har kome svært styrka ut av denne valkampen. SP sin politikk vert det berre meir og meir av, seier desse SP-politikarane.

– I det heile og det store bilete er me det partiet i Austevoll som har gått mest fram sidan førre val. Me storfornøgde og med to mandat i kommunestyret vil austevollingane verkeleg få merka SP-politikk, seier Lars Knut Aarland.

Arbeidarpartiet skuffa

Hos Arbeidarpartiet er ikkje stemninga fullt så gøyal.

– Me må seia at me er verkeleg skuffa i dag. Me hadde håpa på seks mandat, men slik det ligg ann no vert det fire – éin mindre enn dei siste fire åra, seier Anja Heggholmen i Arbeidarpartiet.

Arbeidarpartiet la ikkje skjul på at dei var skuffa etter valresultatet.

Ho satsar likevel på at personstemmene i morgon kan bidra til at dei klarar å sikra fem mandat i kommunestyret dei neste fire åra òg.

– Me satsar i alle fall på å vera i posisjon. Det har lege i kortene heile tida at me skal samarbeida meg Høgre, og det har eg slett ikkje fått nokre andre signal om, seier ho.

FRP i posisjon?

KrFs Rolf Tore Hellesøy håpar i det lengste at personstemmene kan rykkja balansen mellom dei og MDG i dei kristendemokratiske sin favør.

– Men skulle resultat på mandat stå seg, og me mistar ein av dei to me hadde, er det sjølvsagt eit resultat me ikkje er nøgd med, seier Rolf Tore Hellesøy.

FrP ynskjer å vera i posisjon med Høgre. Her frå valvaka tidlegare i dag.

Framstegspartiet har sendt ut samarbeidsinvitasjon til Høgre.

– No håpar me Høgre vil vurdera samarbeid mellom H/Frp. Me opplever at austevollingane forventar dette. Frp er i alle fall klar for borgarleg samarbeid i Noregs mest borgarlege kommune, skriv Renate Møgster Klepsvik (FrP) på Facebook.