Køyrde på land, mistenkt for ruskøyring

Ein mann i 20-åra køyrde natt til sundag på ein holme utanfor Litlakalsøy. Observasjonen av båten vart gjort av publikum, og mannen er mistenkt for å ha ført den 25-fots store båten i ruspåverka tilstand, opplyser politibetjent Gunntveit ved Austevoll-politiet.