Fiskeriministeren kallar inn til møte om lakserømming

Laks på rømmen er tema for eit møte mellom norske sjømatorganisasjonar og fiskeri- og sjømatminister Harald T. Nesvik fredag 4. oktober.

– Me må arbeida endå tøffare for få med talet på laks som rømmer. Difor inviterer eg næringa til eit møte, for å høyra korleis me saman kan ta tak i dette, seier Nesvik.

Dette året ligg an til å bli det verste året for lakserømming sidan 2011, ifylgje Nærings- og fiskeridepartementet. Så langt i år har Fiskeridirektoratet fått meir enn 30 rapportar om problemet. Rapportane omfattar til saman 280.000 laks og 2.000 regnbogeaure på avvegar.

– Med eit mål om null fisk på rømmen er dette ein situasjon næringa ikkje kan leva med, seier Nesvik.

Han seier han ventar at næringa tek lærdom av hendingane og skjerpar rutinane sine.

NPK