Stor etterspurnad etter norsk torsk til den britiske nasjonalretten fish & chips, har ført til rekordhøg prisen på norsk torskefilet. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK
Stor etterspurnad etter norsk torsk til den britiske nasjonalretten fish & chips, har ført til rekordhøg prisen på norsk torskefilet. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Britisk nasjonalrett gjev prisrekord for norsk fisk

Stor etterspurnad etter norsk torsk til den britiske nasjonalretten fish & chips har ført til prisrekord for norsk torskefilet.

– Rekordprisen kjem mellom anna av svak norsk krone og større kamp om råstoffet fordi det er mindre fisk tilgjengeleg på marknaden, seier fiskeriutsending for Sjømatrådet i Storbritannia, Hans Frode Kielland Asmyr, i ei pressemelding.

Høgare prisar hindrar ikkje britane i å kjøpa norsk kvitfisk.

– Norsk fisk er kjent for god kvalitet og blir knytt til å det å vera berekraftig. Det gjer at etterspurnaden i daglegvarekjedene og fish & chips restaurantane er stor, seier Asmyhr.

Tidlegare har det kome fram at uvissa rundt brexit skaper uro i sjømatnæringa. Asmyr meiner det er viktig å halda på den gode, norske posisjonen. Han seier at han arbeider med å marknadsføra norske sjømatprodukt i Storbritannia kvar einaste dag.

Ifylgje Sjømatrådet eksporterte Noreg norsk fisk til Storbritannia til ein estimert verdi på totalt over to milliardar kroner. I år ligg det an til at denne verdien blir endå høgare, opplyser Sjømatrådet.

NPK / margunn@npk.no