– Marsteinen skal vera den primære nyhendekjelda til austevollingane. Ikkje berre på torsdagen, men heile veka, seier redaktør i Marsteinen Trond Hagenes.
Frametter vil du nemleg få hyppige oppdateringar om stort og smått frå øyane på nett. Ikkje berre nyhende, men òg video og lengre reportasjar.
– Samstundes ligg papiravisa i botn for nettsida, slik at me ikkje konkurrer ut hjørnesteinen papiravisa. Trass alt er Marsteinen på papir eit like sikkert teikn på at det er torsdag som lukta av komler og saltkjøt.