IMG_2224

B-ferja i rute att

Siste: Begge ferjene er i normal drift.

SISTE (20.06.19, klokka 18:40) : Det er normalt drift i sambandet Hufthamar – Krokeide.

________________________________________

TIDLEGARE (Onsdag, 20.06.19)B-ferja har vore ute av drift sidan morgonen, grunna tekniske problem. – Me håpar å vera på plass i ruta att innan ein halvannan time, sa regionsleiar i Fjord 1, Geir Vangen til Marsteinen i 16-tida. Til 15:40 ferja var det to fulle rekkjer med bilar og venta på Hufthamar. I ruta står det nemleg B-ruta på alle avgangane i applikasjonen og på nett. Dermed er det ikkje så lett å vita kva for avgang som er gjeldande. – Det må vera ein teknisk svikt, men det er i alle fall «MF Møkstrafjord» som skal gå, sa Vangen som ikkje hadde maskina framfor seg til å svara på kva avgangar som var gjeldande, eller om A-ferja var forseinka.

I ruta på nett og i applikasjonen til Fjord1 står det B-ruta på mange avgangar etter kvarandre. Dette stemmer ikkje.

For augneblinken går «MF Møkstrafjord» frå kai klokka 16:25. Neste A-ferje skal om journalisten har tolka ruta rett, gå 17:55.