Nyheter

Fann raudlista bille på Storekalsøy

Denne billa fann Bjarte Aadland på Storekalsøy denne veka. Arten er knapt funnen i Noreg, og har status som sterkt truga på den nasjonale raudlista. Billa Chrysolina latecincta er berre funnenved nokre særs få høve her vest i ytre Hordaland og Rogaland tidlegare. Ho står på raudlista som sterkt truga art (EN). Eg fann denne billa (på biletet) på bergknausane ytst på […]

Seks gebyr i kontroll

Statens vegvesen melder at det var skrive ut tre bilbeltegebyr, eitt gebyr for manglande vognkort og eitt gebyr for manglande førerkort då dei hadde kontroll i Austevoll måndag. Ein motorsyklist fikk gebyr for dekk under lovleg mønster. To motorsyklar fekk mangel for å ha effektpotte, som gav for mykje støy. Eitt kjøretøy med mangellapp for eksoslekkasje. Og tre bilførarar fekk muntleg […]

B-ferja i rute att

SISTE B-ferja vil gå som normalt frå klokka 15:40._________________________________ Klokka 14:11 kunne Fjord 1 melda om tekniske problem på B-ruta i sambandet Hufthamar- Krokeide. «MF Horgefjord» sine ruter er innstilt frå avgang 14:10 og inntil vidare. – Me trur me har fått det til å fungera igjen, men me må avventa situasjonen. Me prøver å […]

Prosessbåt til Seistar

”Seihaust” vert i desse dagar ferdigstilt ved Fitjar mekaniske verkstad, og vert eit nytt segment i flåten til brønnbåtreiarlaget Seistar.

Droppa ungdomslivet for vesle Rakel

Emilie (18) og Edvard (19) valte vekk ungdomstida for å bli foreldre. No er Rakel (1mnd) kome til verda, men slett ikkje utan kamp. Alt i veke åtte av svangerskapet fekk dei vita at ho var alvorleg sjuk.

Vil byggja naust for kvarmannsen

Godkjenning for 32 naust står høgt på ynskjelista til Inge Halstensen i desse dagar. Sjå saka og planteikinga HER eller i papiravisa.

Midlar til å førebygga overvekt

Helsestasjonen i Austevoll fekk rett før påske midlar til å halda fram prosjekta med tilstadevering i barnehagane og arbeid med å redusera og førebygga overvekt. Det er avgjerande, meiner dei tilsette. Les heile saka HER eller i dagens papiravisa

Extra Austevoll ynskjer miljødugnad

Neste veke vert hanskar, sekkar og avfallskonteinarar set opp ved Extra Austevoll. Dei vil forhindra marint avfall og rår kundane til å vera med og plukka søppel.  

Dyrt å køyra inn her

Overser du dette skiltet og politiet er på pletten, kan det vanka eit forenkla forelegg på 5 500 kroner. Dette opplevde fire trafikkantar ved Storebøterminalen tysdag. – Me observerte fleire som køyrde inn med bil her, så me kjem att, lovar politifyrstebetjent Svein Storebø  hos austevollpolitiet. Han legg til at dei fekk reaksjonar på storleiken […]

Melding frå Fjord1: Feil i rutetabellen

FJORD1 ber reisande vera merksame på feil i rutetabellen: Skjærtorsdag, Langfredag og måndag 2. påskedag er satt opp med sundagsruter. Merk at desse dagene går ikkje nattferja 00:20. Siste tur på desse dagene er klokka 23:20. Påskeaftan/Laurdag (natt til søndag) går 00:20-avgangen som vanleg. (17APR19)

Krasja med promille

BA skriv at politiet klokka 1950 laurdag fekk melding frå ein fotgjengar ein bil var smadra ved Gauksheim. Meldaren meinte at bilen var forlatt, men då politipatrulje kom fram var to personar fortsatt sitjande i bilvraket. – Airbagane var utløyste og sjåføren måtte blåsa i alkometeret. Det viste at han var påvirka av alkohol, seier operasjonsleiar Frode […]

Sissel opnar kakehimmelen

Er du glad i det søte, og kanskje til og med det som ser ekstra godt ut. Då kan du nok trgt leggje kursen til Kakeriet som opnar på Stolmen til helga. Saka les du her.

Fiskeriøkonomen

I løpet av 23 sesongar på skreifiske, har Magnus Tveit (60) innarbeidd seg ein eigen teknikk for å få den dryge fisken om bord. Les intervju med Tveit på nett denne veka.

Barn påkøyrd i Husavik

Det meldte politiet på Twitter kokka 10.15. Barnet blir flydd med luftambulansen til Haukeland sjukehus for nærare undersøkingar, men framstår uskadd og er bevisst. Amubulanse kom til staden, og farten skal ha vore lav.

Ber kommunen endra kurs

AUF er glade for at Austevoll kommune endeleg arbeider for å få på plass eit ungdomsråd frå hausten av. Måten dei gjer det på, er dei ikkje like nøgd med. 

Fråteken førarkortet på staden

Politiet tok fleire bilførarar for høg fart tysdag. Ein bilfører mista førarkortet på staden etter å ha køyrt i 134 kilometer i timen gjennom Porsdalen. Les om denne saka i avisa denne veka.