Nyheter

Martina og Cassandra vann prisen

Folket har talt, ete suppe og muffins. Blant eit sneis graskar, vart Cassandra Andersen Sandbo stemt fram som vinnar. Og det største garskaret? Det kom frå Stolmen. 102 stemmer på best-in-show-graskaret då Marsteinen feira hausten og 40 år med lokalavis i ettermiddag. Flest stemmer fekk Cassandra Andersen Sandbo, og premien vart henta av dottera Martina […]

Kven har det finaste og største graskaret

EIGENOMTALE: Marsteinen feirar hausten, dei fyrste 40 åra sine som avis med graskar i stort og graskar med stil. Me har enno relativt stor mengder nydeleg suppe og muffins, kaffi og saft til gjestane. Det er berre å ta turen innom Drengstova. Avstemminga til best-in-show-graskara (biletet) sluttar klokka 15.

Dei yngste vitja dei eldste

Denne veka flytta babysong ut frå kyrkja på Hundvåkøy og inn på pleie- og omsorgssenteret. Les heile saka i Marsteinen.

Føreslår ikkje kutt i ferjerutene i 2019

Hordaland fylkeskommune gjer ingen endringar i ruteproduksjonen til ferjene i fylket i 2019, med eitt unnatak i indre strøk, trass i at fylkesrådmannen understrekar at kostnadane med det nye anbodet er særs høge. Det er fyrst i 2020 at effektane slår inn for fullt. Budsjettforslaget frå fylkesordføraren vart lagt fram i dag, og det står […]

Graskarjakta, episode 8

KONKURRANSE I samarbeid med Rema 1000 Storebø kan du vera med i trekninga av eit graskar som du kan dekorera, skjera ut og ta med på haustfesten til Marsteinen no på sundag. Det kulaste graskaret vinn stor pokal og gåvekort på Heimalaga!  For meir informasjon sjå annonsevideo på episode 8 av dagens Graskarjakta: