Nyheter

Badet opna

Austevollbadet fekk endeleg den høgtidelege snorklyppinga si, godord og blomar veksla hender i dag. Allereie i morgon er det ope for publikum for å komma og kasta seg i det lett azurblåe vatnet.

– Austevollbadet går ein trygg veg i møte

Å vera førebudd på at personar treng bistand i Austevollbadet er viktig. Difor må alle tilsette, og trenarar bestå livredningstesten. – 113, dette er ei øving, me har ei drukningsulukke, seier Annette Horne Tøkje, (som ja og er mor mi), til naudetatane. – Alle skal bestå livredningskurs i dag. De har tre minutt på å […]

Krev ekstra mannskap på ferjene

Mannskapa på ”Møkstrafjord” og ”Horgefjord” krev auka tryggleiksbemanning. Frå oktober vil ferjene kunna gå med fire i mannskapet, noko dei tilsette meiner er å gå på akkord med tryggleiken. Les heile nyhendesaka her.

Leiar: Trygge ferjer

Det har lenge vore kjent at mannskapa på ferjene til og frå Austevoll har vore urolege for tryggleiksbemanninga om bord når nyferjene kom i drift. Det har vore krevjande å få belyst problematikken, sjølv med kontakt med hovudstillitsvalde. Denne veka vart det kjent at majoriteten av mannskapa har signert eit brev til Sjøfartsdirektoratet der dei […]

– Ver varsame ved skulestart

Politiet oppmodar trafikkantar til å vera særleg vakne kring skulane når klokkene ringjer inn torsdag. Eit heilt nytt kull fyrsteklassingar startar grunnskuleopplæringa si denne veka. Det lokale politiet ynskjer seg at trafikantane er særleg aktsame den fyrste tida etter at skuleåret er i gang. – Fyrsteklassingane er ikkje vante med å ferdast i trafikken, og […]