Forbod mot å gjera opp eld utandørs

Det fine vêret den siste tida har ført til at det er særs tørt i regionen vår. Brannsjefen i Austevoll innfører difor totalforbod mot å gjera opp eld frå og med 17. juli 2018 kl 15:00.

Brannsjef Hans Petter Bjånesøy skriv fylgjande på kommunen sine nettsider:

Forbodet gjeld for heile Austevoll kommune framover til me har hatt nedbør av betyding. Brannsjefen vil kunngjere når forbodet er oppheva.

Dette betyr:

Det er ikkje lov å tenne opp små kaffibål, eingongsgrillar, kulegrillar, bålpanner, gassgrillar, stormkjøkken og andre kokeapparat med brennstoff utandørs.

Det er ikkje lov å grille eller tenne opp bål i nærleik av skog og mark.

Det er ikkje lov å tenne bål og grille i strandsona.

Det er ikkje lov å tenne opp bål eller grille på dei vanlegvis godkjende og tilrettelagde bål- og grillplassane.

Det er ikkje lov å brenne hageavfall, sjølv på eiga tomt.

Forbodet gjeld ikkje:

Kontrollert bruk av grill i eigen hage.