Nyheter

Siste innspurt for Helge André

I Marsteinen i dag kan du lesa om Helge André sine kokekunstar òg politiske ambisjonar. I mellomtida har du få oppskriva her.

Byggjer Noregs største

Kampen mot lakselusa vert stadig intensivert. For Brødrene Bakke gjev det seg utslag i nytt skip og Noregs største behandlingsanlegg mot den hata parasitten. Det er full aktivitet på skipet som er fortøydd mellom Navøy og Spissøy. Det særmerkte skipet vart henta frå Nederland i vår, og kosta reiarlaget 35 millionar kroner. Utstyret som vert […]

Klare meldingar til «servietten»

– Du er frå Marsteinen – den der servietten? Det er ein kar med namn Frode Duesund som yppar seg. Ein serviett kan no brukast så mangt, seier eg. Nokon tørker tårer og trøyster seg i serviettane, medan andre samlar på dei. Les den fornøyelege saka i avisa denne veka.

Medan me ventar på brannbilen …

Dei er pynta, nokre av barna i Sjøliv maritime barnehage på Hundvåkøy. Det er nemleg ikkje kvar dag ein brannmann kjem på besøk. Kristina Njåstad har fletta seg og fått kjole på for høvet, medan Ludvig Skår har ei rosa stripe på toppen av manken. Peter Taranger har teke med seg brannhjelmen sin, og Jakob […]

Gira opp då han runda 40

Kona gav Mikal Drivenes ein hybridsykkel då han feira 40-årsdagen sin. To år seinare syklar han dei lengste og mest krevjande mosjonsløpa i landet. Les heile saka i Marsteinen.

Bruk og sel-mentalitet

Det er som eit organisert garasjesal når austevollingane tømer jenterom for leiker og garderobar for klede, og steller i stand bruktmarknad. Les heile saka i Marsteinen.

Tradisjonsrikt NM

Førre helg vart det i tradisjonen tru arrangert noregsmeisterskap i oselvar i Hundvåkøyosen. Kampen mot vinden var tøff og berre dei mest strategiske seglarane nådde til topps. Les heile saka i Marsteinen.

Sekkingstad kjøper «Sjøglans»

”Radek”-reiar Arild Sekkingstad får seg ny båt i desember. Då kjem SUK-en ”Sjøglans” i austevollske hender. Les heile saka i Marsteinen.

Kjellarklubben

Det er mykje god helse i drøs over ein varm kopp kaffi.

Trailer inn i personbil – fire køyretøy involvert

Ein trailer har rulla inn i ein personbil på ferja. Totalt fire bilar skal vera involvert i ulukka,som fann stad under avgang klokka 14:15 frå Hufthamar til Krokeide. – Dette er eit pågåande oppdrag og politiet er på staden. Det er meldt om store materielle skadar på ein personbil. Ein person fortel om smerter i […]

Gjev nytt liv til gamle låtar

Frode Grytten Beat Band børsta støv av gamle punk- og rockelåtar, og krydra dei med humoristiske frasar. Det likte publikummet på Møkster. Les konsertmeldinga i Marsteinen.

Verdas tyngste maraton?

Møkster maraton er, med sine tusen meter total stigning, i alle fall eitt av dei tyngste, skal me tru verdas tiande beste ultramaratonløpar, Bjørn Tore Taranger. Les om arrangementet og sjå fleire bilete i Marsteinen.

Fast jobb til Christer

– Dette betyr så mykje for meg. Eg er kjempeglad, det er draumejobben min, seier den nytilsette barne- og ungdomsarbeidaren ved Storebø skule.

Testar ut Norway Cup

Dana Cup har i årevis vore sommarturneringa for fotballfolket i Austevoll. Den siste veka har ein gjeng lokale gutar testa ut livet på og kring Ekebergsletta. Dei likar det dei opplever.

Køyrer stil på Litlakalsøy

Vikki-gjengen fekk prøva seg som omreisande butikk då dei tok 23 fulle kledeposar med seg om bord på ”Tjelden” og stelte i stand Bli ny-dag på Litlakalsøy.

Ikkje bestefar, men kjernekar

Han har blitt kalla for mykje oppgjennom, alt frå hobbit til bestefar. Kurt Nilsen verka like avslappa og triveleg i Bekkjarvik, som han var under heile Idol-sirkuset for 14 år sidan.