Nyheter

8 feil = 8 pushupar

– Ein pushup for kvar feil me oppdagar i avisa i morgon, var avtalen journalist Severin og fungerande redaktør May Linn (kor godt ho fungerer kan nok diskuterast) gjorde då Marsteinen vart sendt i trykken i går. Det er flaut å seia det, men me trudde ikkje det skulle verta noko trening på oss.

Mellom blomar og berg

Det går i rette og vrange når Ann Elin Oksnes (46) set seg ned i solveggen for å nyta kvardagen. Møt henne i Sommarpraten.

Slutt på softis og svela?

Når Fjord1 overtek ferjetrafikken frå januar av, vert det kanskje ikkje betjent kiosk på fartøyet mellom Hufthamar og Krokeide lenger. Det tek meir energi i form av straum å laga varmmat og ha ein dampomn gåande, enn å lata ein automat med snacks ta seg av kafétilbodet. Det er grunnen til at Fjord1 vurderer dei […]

Frå vrak til topptrent

Camilla Seievåg (19) har opplevd å vera i ein kropp som svarar til ein heilt annan års- klasse enn den ho er fødd i. Etter å ha vore meir eller mindre sen- geliggjande i eit halvt år, er ho no sterkare og i betre form enn nokon gong. Denne saka får du òg i avisa […]

Ny reisetrend til øyane

AirBnB er ikkje berre ein måte å skaffa seg gode inntekter på hybelen du har i kjellaren eller feriehuset når du ikkje brukat det sjølv – det er òg ein måte å verta kjende med menneske frå heile verda, meiner Mona Mørk på Møkster. Her med gjestar frå Oslo denne veka. Les meir i avisa […]

Håpar på historisk oppvakning

Journalist og forfattar Ivar Fjeld meiner det er på tide for oss strilane å verkeleg grava i dei historiske røtene våre. Ei oppvakning slik dei har hatt på Island er noko han kryssar fingrane for. Ivar Fjeld har brukt tre år på å grava i kjølvassfara til folket sitt, strilane. Han meiner at det er […]

Fortvilar over kommunalt forfall

Rettnok er skulen på Trolandshamar nedlagt, men skulebygget som skal rivast grin mot deg, og trass at kalenderen viser medio juli har det ikkje vorte slått kring eigedommen. Tor Hufthammer og Alfred Økland etterlyser kommunalt vedlikehald og vøling kring gamleskulen og idrettsanlegget på øya. – Me kjenner oss gløymde. Den eldste delen av skulen er […]

Rusen som fiende

Anniken Haukanes (44) stod att åleine med flaska og rusen, etter mange tøffe år. Til slutt måtte ho velja mellom livet eller å drikka seg i hel.    Dråpene sildrar nedover vindaugsruta i den knallgule rorbua i Vasseide. Godt planta i sofaen sit Anniken Haukanes med ei historie som absolutt ingen vil kopiera. Rusen har […]

ECOSubsea er klare til å veksa

Etter eitt tiår med hardt og målretta arbeid har gründerane i ECOsubsea alliert seg med Ole Christian Troland som økonomisjef og er klare til å reisa i kjølvassfara til reiarlagskundane sine og etablera seg i nye hamner. Så langt har Southampton vore staden dei har operert frå. Saka kan du lesa her eller på papir […]