Lars Stien (i kvit kjeledress) og direktør Sissel Rogne (i raud kåpe) forklarar om oppdrett av marine artar til Erna Solberg og kollegaane hennar. Ordførar Morten Storebø gliser stolt i bakgrunnen.
Lars Stien (i kvit kjeledress) og direktør Sissel Rogne (i raud kåpe) forklarar om oppdrett av marine artar til Erna Solberg og kollegaane hennar. Ordførar Morten Storebø gliser stolt i bakgrunnen.

Lars Helge viste statsministrane oppdrett

Lars Stien (i kvit kjeledress) og direktør Sissel Rogne (i raud kåpe) forklarar om oppdrett av marine artar til Erna Solberg og kollegaane hennar. Ordførar Morten Storebø gliser stolt i bakgrunnen.

Havforskar Lars Helge Stien frå havforskinga sin stasjon på Sauaneset var den fyrste som fekk ha føredrag for statsminister Erna Solberg og dei nordiske kollegaane hennar under besøket til Austevoll i dag.

– Dei fylgde interessert med, men eg merka meg at den islandske statsministeren visste meir om oppdrett og fiskeri enn dei andre, sa Stien til Marsteinen etter at han hadde gjort seg ferdig med presentasjonen sin og fylgjet gjekk vidare for å helsa på storkveitene til Birgitta Norberg.

Fylgjet skal i løpet av besøket sitt i Austevoll blant anna eta lunsj ved Bekkjarvik gjestgiveri, og presentera ein fellesnordisk statsministerinitiativ, der mellom andre Gunhild Stordalen i EAT Foundation skal delta.

Av Trond Hagenes