Nyheter

Lars Helge viste statsministrane oppdrett

Havforskar Lars Helge Stien frå havforskinga sin stasjon på Sauaneset var den fyrste som fekk ha føredrag for statsminister Erna Solberg og dei nordiske kollegaane hennar under besøket til Austevoll i dag. – Dei fylgde interessert med, men eg merka meg at den islandske statsministeren visste meir om oppdrett og fiskeri enn dei andre, sa […]

KrF-leiaren inviterer til ope møte

Knut Arild Hareide i Kristeleg folkeparti ynskjer kontakt med grasrøtene og kjem til Bekkjarvik gjestgiveri like etter lunsj i dag måndag. Før den tid har han halde innlegg for elevane ved ungdomsskulen.

Rasande på Fosen Namsos

Ordførar Morten Storebø (H) har fått nok av Fosen Namsos Sjø og meiner reiarlaget ikkje er skikka til å driva ferjer i Hordaland. No krev han politisk handling frå fylkespolitikarane. Saka les du i heilskapen sin her.

Heidrar kysthistoria i Hengjo

– Møter me framtida og menneske på ein betre måte om me kjenner oss betre knytt til våre eigne røter? spør Nordvegen-musikar Ivar Bjørnson.

SIL i 60

Det måtte ein austlending til for at øyane sitt fyrste idrettslag vart skipa, Havstril var namnet. Etter ein kvileperiode på 1960-talet oppstod det frå oska som det me kjenner i dag, Selbjørn idrettslag. Les historia til SIL i Marsteinen i dag. Avisa kan kjøpast her.

Korps på frammarsj

I Hengjo skal det vera fest med KDV på sundag, for korpset fyller 50 år og feirar så ein rund dag.

Vårens musikalske suksess

Marsteinen sin unge frilansar fekk i helga oppleva sin aller fyrste songgalleri-konsert. Var forventingane for høge eller klarte dei å imponera sjølv den yngste i lokalet?

Sølvpuss før syttande

Elisabeth Haugland (94) sat til klokka 22.30 førkvelden for å pussa ferdig sølvet til 17. mai. – Eg må ha det litt på stell, seier ho.

Friske ferjemidlar frå regjeringa

Regjeringa legg opp til å gje fylkeskommunane 100 friske ferjemillionar når kommuneproposisjonen vert lagt fram i dag. Ein av dei som har ivra mest er Helge André Njåstad (Frp). 2018 vil føra med seg 100 millionar kroner til ferjefylka i Noreg. Hordaland fylkeskommune vil verta vinnaren med 30,8 millionar kroner i overføringar til drift av […]

Servicebåt mot svinn

Mekanisk handsaming av laks, fører til tap av fisk. Austevollselskapet Servicebåt vil samla opp fisken medan han enno er i live, slakta han og føra han inn i RSW-tankar. Alliert med forskingsmiljø i regionen har Servicebåt levert inn patentsøknad på eit apparat som kan sortera daud laks frå fisk som enno er i live, og […]

Vikki i generasjonar

Anne Gro Gjerde har kledd opp austevollingar i 33 år. Butikken hennar, Vikki, har vore ein del av Bekkjarvik torg sidan den spede start.

Då politikarane vart vaksne

Kai feira med rævkrok og handbak, Renate kjøpte stereoanlegg med dobbel kassettspelar éi veke etterpå. Me har snakka med fire lokalpolitikarar om konfirmasjonane deira.

Songgalleriet gjer comeback

Korte to vekene før Songgalleriet gjer comeback med konsert i Løo i Bekkjarvik, er øvinga intens i studioet på Storebø skule. Marsteinen har vore med på delar av fellesøvinga denne veka.

Mark og David fann røtene sine

Over 100 år etter at Johannes Bertin Drivenes emigrerte over dammen, tok barnebarna Mark og David Danley turen til Austevoll for å finne røtene sine. Etter nokre dagar på øyane, er Mark og David Danley frå USA særs entusiastiske over det dei har opplevd. Mora deira besøkte Austevoll ei veke i 1972, og snakka stadig […]

Plukkar plast for framtida

Ved å rydda i dag, tek me eit tak for dei som veks opp i morgon. Det er tanken ordføraren har før den nasjonale strandryddedagen. På laurdag er den nasjonale strandryddedagen. Konteinarar frå SIM vert setne ut ved sju punkt i kommunen, og på same stad vil det stå representantar og levera ut bossekkar til […]

Andrea og Hanne Alice satsar saman

Då dei var små, slost systrene Drivenes så fillene fauk. No samarbeider dei om sal av tekstilar på verdsveven, gjennom Handlegaten og eigen nettstad. Kanskje hadde dei ikkje sett for seg at dei skulle verta bestevenninner når dei vaks til, men slik vart det for storesyster Hanne Alice Drivenes (32) og veslesyster Andrea (28). Tre […]